Har du ansvar for bedrift eller forening som treng noko spesielt?
Treng de gåver til foreningskontaktar, eller tilsette som skal slutta?
Kva med ei lita påskjønning til den som har halde foredrag eller gjort ei teneste?

Galleri Hagalid kan skaffa små og store gåver.
Ein populær ide er spesiallaga gåver i keramikk eller glas for bedrifta i små eller stor serier. Har firmaet eit symbol eller ein logo ein kan leika med, finn me dyktige kunsthandverkarar som vil spela på lag. Koppar og krus, bollar, snapseglas, stettglas, vaser, fat.
Keramikk eller glas, gode bruksting utan overdriven reklame. Akkurat passe til å bli hugsa som handlaga og originalt, gennomtenkt og profesjonelt. Eit motiv eller kun logofargar, det finst mange alternativ!
Galleriet pakkar gåvene profesjonelt i trygge esker, greit for heimreise i koffert eller handbagasje.