Eldhuset er ein viktig del av Galleri Hagalid med kontinuerleg salsutstilling av kunsthandverk som blåst glas og keramikk. Det litle huset er ope i alle utstillingsperiodane i året samt etter avtale for grupper. Her opna Hanne galleri første sommaren i 2013 før Sofiehuset blei flytta og sett i stand.

Eldhuset ligg midt i gardstunet på Hagalid, og er eit lite lafta tømmerhus med ein gedigen peis midt i rommet. Det noverande eldhuset er opprinneleg frå 1880-talet, men blei omfattande restaurert på 1990-talet. Gamle villheller frå Hagalid er lagt på taket som på Sofiehuset.

Fram til 1960-talet var eldhuset nytta til eldkrevande gjeremål for hushaldninga, som til dømes røyking, slakting, vask av klede, flatbrødbaking to gongar i året og koking av ost. Her var det smie, og her kverna ein opp havre til mat eller dyreinnmat til revefôr. Den handdrivne havrekverna står framleis intakt inne i Eldhuset, og utanfor ligg slaktesteinen.

I Eldhuset finst gamle møbel og gjenstandar frå garden, m.a. fire reivestolar, som fin kontrast til moderne glas og keramikk som er til sals.
Faste utstillarar i Eldhuset er Brink & In’t Veld Keramikk, Beate Lund Kristiansen, Øystein Haga, Eva Sæverud, Øyvind Tingleff, Stavanger Glassblåseri og Stine Hoff Kunstglass.