Skomakarnibbå og tidleg fotturisme:

Fjellformasjonen Skomakarnibbå ca 700 m over Jøsenfjorden var tidleg eit kjent som fotturmål, og har vore ei tilrådd rute frå Stavanger Turistforening i meir enn 100 år. Tidlegare kom turfolk vandrande opp frå Hjelmelandsvågen gjennom skogen etter å ha nytta rutebåt frå Stavanger. Heilt fram til Hagalidvegen var ferdig i 1960 var dette måten å koma opp til Hagalid på.
Set av god tid til å oppleva heile platået med varden og utstikket med overheng der du kan nyta synet av nibbå og grøssa litt!
Fint foto- og selfie-punkt finst ved nabben Karstykket ca 200 m før sjølve Skomakarnibbå.
I 2018 kan ein rekna at 3-4000 personar ønskjer å gå denne dagsturen i sesongen april til oktober. Starten av stien er lagt om nedanfor løa på garden og går ikkje gjennom gardstunet.
Turen tek ca 5-6 timar før du er tilbake, og har ein høgdeforskjell på nesten 450 m. Turen går frå start over beitemark med sau, så alle hundar må vera i band heile turen og lukka grindar må lukkast igjen. To grindar har fått gjerdeklyvarar og hundeportar.
Ein kan ikkje tilrå fotturen vinterstid med snø og mykje is i fjellsida opp til Øksnafjellet. Vent til april!  Vermelding, les her.
Les detaljar om fotturen til nibbå her

Servering:
Grupper kan få bestilla varm mat eller kaffimat i Sofiehuset for å nyta i ro og fred før bilturen heim. Tilbodet gjeld uansett om galleriet er ope når det er minst 8 personar og bestilling minst 2 dagar på førehand. Eller kjøp med deg havrekjeks med brunost før turen!

Rundt garden er det òg andre merka turstiar gjennom det vakre kulturlandskapet, mellom anna til Låtveit (enkel kort tur på skogsveg, ca 2 timar t/r) og Heiavarden på myrlent skogssti (maks 1 time t/r, flott utsikt til Jøsneset og ut fjorden).
Parkering for alle vandrarar om lag 200 meter før tunet (privat opplagsplass). Parkeringsavgift kl 100,- for alle kjøretøy for vandrarar til Skomakarnibbå og andre turmål. Kontant i kasse eller VIPPS.
Camping i telt kun i utmark.