Sofiehuset har kafe saman med tre lengre utstillingar per år – vår, sommar og haust samt ei Førjulshelg. Under utstillingane er det bilete og gjerne skulptur i to etasjar. Under den lange Sommarutstillinga finst i tillegg eit godt utval av tekstil, skinnarbeide og smykke frå nasjonalt anerkjente kunsthandverkarar.

Sjølvbetent kaféservering finst i nystova i Sofiehuset under alle utstillingane. Uteservering har me straks sola varmar! Meny er alltid kaffimat, men laurdag og sundag og varm mat, alltid himalagd og mest muleg på lokale råvarer.

Huset fungerer òg glimrande som eit intimt lokale for sosiale samkome og møte med servering. (Les meir om Opplevingar på Hagalid.)

Sofiehuset blei bygd før 1840, og var då våningshus på Hagalid. Huset har namn etter Sofie Hagalid, som var den siste som budde i huset. Ho var grandtante til Jone Hagalid, som no er gardbrukar på Hagalid. Sofiehuset stod ubrukt nokre år, men i desember 2013 blei det flytta ca. 20 meter for å utvida galleridrifta på Hagalid. Sjå filmsnutt under og mange bilde til høgre.

Arkitekt Ole S. Trodahl har teikna om huset med påbygg i forkant og i lengderetninga, og utvendig restaurering er godkjent av fylkeskonservatoren.

Utvendig framstår Sofiehuset som et godt bustadhus frå midten av 1800-talet, med villheller frå Hagalid på taket, forblenda grunnmur, samt maling i tidsriktig linoljemaling med fargar i lysegrått og grønt på kledninga. Kledninga er laga av malmfåre (adel) frå Hovda på Randøy, samt noko originalt kledning frå 1840. Detaljar som vasstokk og hjørnebord er rekonstruerte etter orginalar funne på huset. Vindauge er i tidsriktig rokokkostil, laga av Erøyvik Trevare i Erfjord, etter originalar og listverk funne på huset.

Innvendig er Sofiehuset eit topp moderne utstillingslokale, der det er tatt vare på gamle, tømra ytterveggar, samt vakre sandskurte og såpevaska stoveveggar. Nye rom har kvitbeisa eller måla panel frå skogen på Hagalid.

I 2. etasje er den opprinnelege sovesalsfargen i lys blått bevart i den gamle delen, saman med gamle tømmerveggar og takkonstruksjonar. Gamle takbord med trepluggar for feste av skifertaket er vist som del av vegg i nysalen.

I huset finst alltids grafikk og plakatar, keramikkskulpturar, glas, smykke og linprodukt. Faste utstillarar i Sofiehuset er Emily Elmenhorst, Snella & Petronella og Johs Ihle med smykke. Karin E. Øvstedal, Øyvind Tingleff, Øystein Haga, Beate Lund Kristiansen og Brink & In’t Veld finst med keramikk og Stine Hoff med blåst glas. Grafikk med og utan rame og plakatar finst frå Hilde Thomsen, Jeannie Ozon-Høydal, Kristian Finborud, Eli Hovdenak, Geir Nymark, Svein-Are Mørkve og Jan Terje Rafdal. Kunstkort finst frå Jeannie Ozon-Høydal, Tone Flesche og Nina Burtniece. Linhandkle, forkle og handlenett frå Unni Strand.

I området utanfor Sofiehuset og bort til Eldhuset er det òg utvikla eit hageanlegg, med plass for skulpturar og hyggeleg opphald.