Avslutta utstilling: Haustutstilling & kafe 23.9. – 15.10.2017

OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 23.9. – 15.10. kl 12 – 17. 
Til Haustustillinga var me så heldige å få Lunch-skaparen Børge Lund, Stavanger til å stilla ut sine teikneserie-striper og enkeltsituasjonar som trykk. Børge er oppvaksen i Sauda og har no ein betydeleg produksjon for mange aviser samt eigne bøker og hefte med Kjell sin spesielle kontorverd. Den nyaste boka hans har den talande tittelen: Ikke for å være negativ.

I tillegg stilte Øystein Haga, Jelsa ut trearbeide; små skap og bollar. Øystein formar objekta etter treet sine formar og lagar t.d. hol der det er kvist. No viser han også bollar i ask med barkekant.
Øystein er elles godt kjent for sine okarinas som står i Sommarutstillinga og alltid i Eldhuset.

Laurdag 14. oktober frå kl 13 – 16: Siste laurdag av utstillinga var det presentasjon av Boblande eple med Grønvik gard og Elisabeth Grønvik. 

Opninga laurdag 23.9. kl 12  blei gjort av rådmann i Hjelmeland Wictor Juul som med mangeårig erfaring og tyngde frå offentleg byråkrati hadde eit skarpt blikk på situasjonane i Lunch-stripene. 
Kunstnarsamtalar for både Børge Lund og Øystein Haga samt ein mini okarina-konsert med Øystein. Boksignering. 

Haustutstilling & kafé:
Sjølvbetent kafe med himalaga varm mat og kaffimat.
23. og 24.9: Viltsuppe kokt på øl
30.9. og 1.10: Krydra kyllingsuppe
7. og 8.10: Gulasjsuppe m/rømme
14. og 15.10: Kjøtsuppe m/byggryn
Alle supper blir servert med himabakt brød og himabakt flatbrød og smør. Et så mykje du vil!
Grønvik eplemost, Munkholm. Skjenkeløyve for øl, sider og vin.

Grupper (minst 8) for servering på bestilling på andre dagar.

Eldhuset med blåst glas og masse nytt i keramikk er og ope.
I Sofiehuset: Separatutstillingane samt smykke, trekunst, keramikkskulpturar og eit variert utval av kvalitetsgrafikk.

Børge Lund med den kjente teikneseriestripa Lunch, presenterer humoristiske silketrykk av figuren Kjell, Nico og kollegaer frå Lunch-miljøet. Børge har hatt eit fåtal kunstutstillingar, og me er stolte over å få han til Hjelmeland og Ryfylke.
Børge er født i Stokmarknes og oppvaksen i Sauda, no busett i Stavanger. Han tok høgare teknisk utdanning  på universitetet i Delft, Nederland og jobba nokre år som industridesignar. I 2007 sendte han inn ei teikneseriestripe til ein konkurranse i Dagbladet, men vann ikkje. Men han fekk innpass i Dagbladet og fast publisering, først i Teknisk ukeblad frå 2008 og i Dagbladet frå 2009. I 2010 fekk Lund Puntus-prisen, og det første Lunch-albumet komi 2011. Frå 2013 fekk Lunch sitt eige blad som kjem kvar 6. veke. Pr dato blir Lunch publisert i over 100 aviser og blader verda over. Fem bøker har og kome ut.

På opningsdagen signerte Børge Lund bøker med sin raske og sikre strek og hadde sin kunstnarsamtale. Lunch sin suksess er stor og aukande. Alt er basert på situasjonar rundt uromomentet Kjell,  som me alle kan kjenna igjen som sanden i maskineriet i eitkvart kontormiljø. I fokus er og kollegaene Nico med nese for dezign,  den samvitsfulle mellomleiaren Thorsen og ikkje minst Linn, spesialist på hersketeknikkar. (Foto: Kristian Jacobsen)

Øystein Haga, kunsthandverkar er fødd i 1943 i Brunlanes, og busett og med atelier/verkstad på Jelsa i Suldal.  Han er utdanna faglærar i kunst og håndverk og har meisterbrev i møbelsnekring. Øystein er godt kjent i Ryfylke for sine unike gjenstandar i tre der han framhevar trestrukturen, Bollar, fat og store unike veggskap er typiske ting. Han viser på Hagalid nye mindre modellar av dei organiske forma skapa sine samt bollar og fat i ask og furu med og utan barkekant.

Øystein er kjent mange plassar i verda i for sine okarina og sitt spel i okarin-orkestra. Øystein er presentert med sine okarina i keramikk på fleire museum i utlandet og har vore utøvande okarinamusikar i mange år.
I Galleri Hagalid har me alltid eit utval av Øystein sine ofte fargerike fugle-okarina, frå barnestr til større skulpturar, alle stemt i ein toneart.

Han hadde ein minikonsert med sin eitthands-okarin under opninga og kunstnarsamtalen sin.

Grønvik Gard og Elisabeth Grønvik vil laurdag 14.10. frå kl 13 presentera Boblande eple! Den velsmakande eplemosten med boblar er lys rosa i fargen og basert på Karin Schneider-eple. Mosten er no er finalist til Det Norske Måltid 2018. Smaksprøvar og sal av den nye, boblande eplemostvarianten – ein alkoholfri festdrikk! Elisabeth vil fortelja om utviklinga, tilrå bruk til mat for denne og andre av Grønvik sine prisbeløna mostar.
Eigen eple-meny. Gratis inngong.

Grønvik Gard har allereie vunne fleire prisar under den årlege kåringa under Det Norske Måltid, sist i januar 2017 for to typer eplemost. Frå sommaren 2017 har to mostar blitt tildelt Spesialitetsmerket.