Haustutstilling & kafe 29.9. – 21.10.2018

OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 29.9. – 21.10. kl 12 – 17. Kalendar
Til Haustustillinga er me så heldige å få malaren Jan Terje Rafdal, Etne til å stilla ut under tittelen «Den siste snøen». Dette betyr at store flott fjellandskap også frå kjente område i Ryfylke, prydar 1. etasje i Sofiehuset saman med mezzotint og kolteikningar. 

I tillegg stiller den kjente keramikaren Sarah Honeyman, Oslo ut skulpturar i 2. etasje i Sofiehuset; små underfundige figurar for vegg og bord, fat, mm.
Sjølvbetent kafe med suppe og kaffimat alle fire helger.

Opninga laurdag 29.9. kl 12  blir gjort av seksjonssjef i Rogaland fylkeskommune, seksjon for allmen kultur, Jon Inge Zazzera
Kunstnarsamtalar med både Jan Terje Rafdal og Sarah Honeyman.  

Enkel kafé:
Sjølvbetent kafe med himalaga varm mat og kaffimat.
Suppemeny under utstillinga:
Opningshelga laurdag 29. og sundag 30.9: Krydra lammesuppe med bønner
(Haustferiestart) 6. og 7.10: Gulasjsuppe m/rømme
(Haustferieslutt) 12. og 13.10: Viltsuppe kokt på øl
20. og 21.10. Krydra kyllingsuppe med kokosmjølk

Alle supper blir servert med himabakt brød og himabakt flatbrød og smør. Et så mykje du vil! Bestill gjerne bord og mat!
Grønvik eplemost, Munkholm. Skjenkeløyve for øl og vin.

Grupper (minst 8 personar) for servering på bestilling på andre dagar.

Andre tilbod:
Eldhuset
 med blåst glas og masse nytt i keramikk er og ope.
I Sofiehuset: Separatutstillingane er her samt smykke, trekunst, noko keramikk og eit variert utval av kvalitetsgrafikk og plakatar.

Handle Lokalt dagen i Norge og i Hjelmeland er laurdag 20.10. og blir og markert på Hagalid!

Jan Terje Rafdal har trass i sin unge alder blitt den store fjell-kunstnaren på sørvestlandet. Han elskar vårstemning med råtten snø over svarte og gråfuktige berg. Storslåtte motiv ofte frå høgfjellet også frå kjente plassar i Ryfylke, blir vist. Same motiva finst og i trykketeknikken mezzotint samt kolteikningar.

Sarah Honeyman, opprinneleg frå Skottland, no busett i Oslo, formar dei mest underfundige keramikkskulpturar. Ho fyller 2. etasje i Sofiehuset med vare men og artige figurar på vegg og bord.