Frå sør: Hjelmeland ligg 45 minutt køyring på Nasjonal turistveg Ryfylke Rv 13 frå Tau, etter ferje frå Stavanger. 1 time køyring frå parkeringsplass for Preikestolen, 1 time og 10 minutt frå Lysefjorden (Oanes).
Frå nord og vest: Frå Haugesund og Bergen køyrer du austover på E134 til Knapphus. Deretter på Fv 46 til Ropeid, følg Fv 46 vidare sørvestover via nye Sandsfjordbrua til riksveg 13 v/Lovraeidet. Følg Nasjonal turistveg Ryfylke Rv 13 vidare sørover til Nesvik (ferjeleie, ferje 10 minutt over til Hjelmeland).’

Frå Oslo: Følg E134 vestover over Haukeli til Røldal. Ta av til Rv 13 Nasjonal turistveg Ryfylke (ver obs på skilt merka Sandnes og krapp sving inn på smal veg til venstre). Køyr så Rv 13 ned Bratlandsdalen via Suldal til Nesvik (ferjeleie).

Frå Hjelmeland sentrum: Køyr 1,5 km mot Vormedalen frå rundkøyringa i sentrum nær ferjeleiet, og følg skilt til Hagalid og Skomakarnibbå. 10 minutt/5 km biltur på smal veg.
Beste møteplassar er i svingane. Ver budd på å rygga. Største busslengde: 8 meter.

Hovudparkering er ved skilt til Skomakarnibba, 200 meter før gardstunet. Gratis for gallerigjester.
Parkeringsavgift for alle kjøretøy for vandrarar til Skomakarnibba og andre turmål (Kontant, med VIPPS eller med kort i galleriet si opningstid). Camping forbode for alle vognar, bubilar og telt.

Parkering ved Sofiehuset er kun korttidsparkering for gjester til huset og for rørslehemma. I tunet er det kun offentleg snuplass og privat parkering. Innkøyring på beita er forbode.

Ver vennleg å visa omsyn til gardsdrifta med dyr på beite. Lukka grindar skal lukkast igjen. Hundar skal haldast i band på heile turen.

Ta kontakt

Kafe/Kunstgalleri/Grupper/Opplevingar
Ryfylke Glød – Hanne Sundbø
Telefon: 98 21 99 73
Epost: hanne@hagalid.net
Org.nr. NO 911 908 158 MVA

Gardsdrift/Julatre/Skog
Jone Hagalid
Telefon: 92 03 98 18
E-post: jone@hagalid.net
Org. nr. NO 975 486 451 MVA

Julatre
Ola S. Hagalid
Telefon: 91 37 06 41
E-post: ola@hagalid.net
Org. nr. NO 999 572 405 MVA

Hagalid Gard
Hagalidvegen 463
N-4130 Hjelmeland (Ryfylke)
Telefon: 51 75 06 83