Ivar Haugen

Ivar Haugen, bildekunstnar busett på Judaberg, Finnøy uttrykker seg hovudsakleg med akrylmaling på plate i sine ofte store maleri med motivkretsane landskap, torsoar og hovud. Han lagar og nonfigurative bilde. Han nyttar maskering med tape som gjev særprega resultat.
Han seier sjølv at han av og til må kopla av med små linosnitt, eitt av desse er og vist på Sommarutstillinga.

Me er glade for at populære Ivar og er med denne sommaren. Hans bilde er vist i gamlestova i Sofiehuset.