Kristin Selboskar

Kristin Selboskar, sølvsmed frå Bergen har vore med frå Galleri Hagalid starta opp i Eldhuset i 2013. Ho er anerkjent for sine stilreine smykke i emalje og sølv, men viser og smykke med små løv og med tekstar.
Ho er ein populær kunsthandverkar med tidlause, gode serier men også nytt kvart år i Galleri Hagalid.

Ho har:
Fagbrev Gullsmed 1989
Medlemskap NK-metall

Kristin seier sjølv:
«Min teknikk og mitt uttrykk ligg i arbeidet med edelmetallet sølv. Det er eit mjukt og lett formeleg materiale med ein fin og spanande fargeskala. I fleire år har eg arbeidd ein del med emalje på sølv. Emalje er ei glasmasse gjennomfarga med metalloksider. Glasmassen er pulverifisert og blir vaska ut med destillert vatn. Den får ein grautaktig konsistens som eg påfører med pensel. Emaljen blir deretter brent i ein ovn på 700-900 grader i få minutt. Under brenning smeltar emaljen og festar seg til metallet.

Mine arbeid er alle laga for hand. For meg er det viktig at kvart enkelt smykke blir unikt og personleg for den som skal bære det»