• Fuglematarar

Øyvind Tingleff

Øyvind Tingleff, er ein erfaren keramikar og illustratør, født i Danmark men busett på Hønefoss. Han har vore med i Galleri Hagalid sine Sommarutstillingar heilt sidan starten i 2013. Han har vore og er framleis med på mange utstillingar og marknader og har hatt utsmykkingsoppdrag.

Øyvind presenterer modellerte dyrefigurar for vegg, bord og til hagen, i rakukeramikk og steingods. Desse er humoristiske i sin form og uttrykk.  Både svevande steinbit, sel og kvalross, og høner og pingvinar og har blitt svært populære saman med dyretrofea for vegg. I år viser han m.a. «Big five» – afrikanske dyrehovud for vegg.

Han viser og god brukskeramikk som t.d. fermenteringskrukker, store fat, og lekre små espressokoppar og drammekrus.

Øyvind er utdanna m.a. som keramikar ved Bergens Kunsthåndverksskole 1973 – 1977. Medlem i NK, Norske kunsthåndverkere

Øyvind seier sjølv:
«Jeg liker å modellere dyra som vi alle er så glad i. Ære være grisen, høna, sauen og oksens innsats! De fortjener å hylles og å få en hedersplass på kjøkkenet eller i stua! » Ikke bare spises!»