Hagalidvegen:

Alt i 1908 sa bonden på Hagalid  – Ola Hagalid – til Stavanger Aftenblad at det hadde vore praktisk med køyreveg. Då kunne han prøva å få i gang dei tre sønene med bruk her slik at dei ikkje stakk ut av landet!

Det kom til å ta si tid. I brev til ordføraren i Hjelmeland i 1922, la Rogaland Vegkontor fram planar for veg til Hagalid. Prisoverslaget var då 54.000,- kr. Vegkontoret meinte at garden ville bli fråflytta uten veg og ein tilrådde å gje statsbidrag til vegen. Dei meinte: «Det ville være sårt om en gård med Hagalids utviklingmuligheter skulle oppgis å gå over til at gro igjen med løvskog omkring myrer som kan oppdyrkes med held».
I møte 5. januar 1923 gjorde kommunenstyret vedtak om «turvande løyving til anlegget». Bonden Ola Hagalid skulle yta fri grunn og 2/3 av det beløpet som fall på kommunen.

Vegarbeidet vart ikkje sett i gang då (kanskje fordi både Ola og sønene Magnus og Jone døde i 1923), men i fylket sin vegplan av 1939 var vegen med. Det var då skissert fleire alternativ for vegtrasear.

I 1946 søkte den neste bonden på Hagalid, Jone Hagalid, om at vegsaka vart teken opp att. Vegnemnda i Hjelmeland hadde vore på synfaring og konkludert med: «Når alle gode krefter samarbeider kan det utrolige skje. Det ville være en stor glede, ja en opplevelse for veinemnda om veien til Hagalid kunne bli bygt»

27. oktober 1948 gjorde kommunestyret i Hjelmeland samrøystes vedtak om å løyva midler til vegen til Hagalid. Vegen vart finansiert med 50 % vegfondsmidler (Staten), 25% tilskot frå kommunen og 25 % frå grunneigaren på Hagalid (Jone Hagalid). Anlegget vart avslutta i 1964 og den totale kostnaden var på 324.461,- kr. Vegen vart då overteken som fylkesveg.

Familien på Hagalid ytte sin del av kostnaden på veganlegget ved å arbeida på vegen. Jone og sønene Ola og Einar brukte vintrane frå 1950 fram til 1964 til vegarbeid. I tillegg hadde dei ofte med ein innleigt arbeidskar (Olaus Kvame, Johannes Jørmeland eller Nils Breiland).
Den første som køyrde til Hagalid med bil var Olav Byrkja sommaren 1960. Det same året fekk garden straum. 1960 var eit sterkt skilje mellom den gamle og den nye tida på Hagalid!