Personvernreglar for www.hagalid.net – Galleri Hagalid, del av Ryfylke Glød Hanne Sundbø, Org.nr. 911 908 158 MVA

I Ryfylke Glød Hanne Sundbø som inkluderer Galleri Hagalid er me forplikta til å beskytte og respektere personvernet ditt. Me jobbar for å følge det regelverk om personvern som til ei kvar tid gjeld. Samtidig er delar av regelverket ope for tolkingar og «beste måtar» å følge regelverket er ikkje tydelege nok pr mai 2018. Det er høgst sannsynleg at denne sida vil måtte bli endra.

Når samlar eg inn informasjon om deg?
Det meste eg har av data om deg er data du sjølv gjev meg når du melder deg på nyheitsbrevet og skal motta ein faktura pr epost eller vanleg post. Dvs kun eposten, namn, adresse, ofte tlf.

På nettstaden www.hagalid.net får me inn slike data på «Registrerer deg for å motta nyheitsbrev»

Innsamling av informasjon skjer og fysisk i opningstida i galleriet ved at gjester sjølv skriv seg på liste for nyheitsbrev eller ved anna fysisk kundekontakt.

Kva for type informasjon blir samla?
Ingenting blir samla systematisk utover namn, adresse, tlf, eventuelt epost og det du sjølv må ønskje å fortelja om lokale tilhøve, som t.d. at du har hytte/fritidsbustad i området.

Arkivering av personopplysningar
Regnskapsloven pålegg oss å lagre transaksjonsdata i 5 år, men for å kunne ivareta kunder sine rettar i samband med garanti og reklamasjon etter forbrukerkjøpsloven, kjøpsloven og bransjemessige salgsvilkår, lagrar me kjøpshistorikk i 10 år.

Kva blir informasjonen om deg brukt til?
Informasjonen, i hovudsak epostadresse blir kun brukt til å senda ut nyheitsbrev og ein sjeldan gong andre tilbod pr epost samt kommunisera om varer du sjølv har bestilt og me avtale levering av. Eg nyttar altså informasjonen for å ha eit forretningsmessig forhold til deg som kunde:

  • Galleri Hagalid og Ryfylke Glød har ikkje noko systematisk register over mulege kundar, men ei liste over dei som mottar nyheitsbrev. Dei fleste har aktivt bedt om slik brev sjøl.
  • Har du meldt deg på nyheitsbrev, bruker vi informasjonen for å kommunisere med deg via nye nyheitsbrev 4-5 gongar pr år.
  • Gjelder spørsmålet noko anna, t.d. spørsmål meir av karakter turistinformasjon om Hjelmeland, Hagalid og Ryfylke, bruker vi informasjonen til å svara på dette.

Oppbevaring av informasjon
Me oppbevarer informasjonen om deg i trygge tilhøve.

Kven har tilgong til informasjonen din?
Det er kun dagleg leiar Hanne Sundbø som har tilgang til informasjonen.
Eg verken sel eller leiger informasjonen din til tredjepart.

Korleis du kan få tilgong til og oppdatere informasjonen din
At dine opplysninger er rette, er viktig for oss. I kvart nyheitsbrev framover pr e-post frå Galleri Hagalid skal du sjølv kunne oppdatere din informasjon, alt via ein nettlesar, eller melda deg av nyheitsbrevet.

Galleri Hagalid har pr dato ikkje noko CRM-verkty for behandling og bruk av kundeinformasjon.

Ønsker du informasjon om data me skulle har lagra om deg, ver grei å send oss ​​ein e-post på hanne@hagalid.net. Alternativt kan du ringe oss. Du har rett til å be om en kopi av informasjonen Galleri Hagalid har lagra om deg.


Sikkerhetsreglar
 for å beskytte informasjonen din
Når me mottar informasjonen din, gjer me vårt ytste for å sikre informasjonen i våre system.

Marknadsføring
Galleri Hagalid brukar ikkje innsamla informasjon til aktiv marknadsføring utover nyheitsbrev nokre få gongar pr år.


Behandlingsansvarleg og databehandlar
Ryfylke Glød Hanne Sundbø otg.nr. 911 908 158 er behandlingsansvarleg for personopplysninga som blir behandla no og framover i samband med bruk av våre nettsider. At Ryfylke Glød er behandlingsansvarleg betyr primært at det er Ryfylke Glød har ansvar og plikter etter personopplysningsloven.

 

Tredjepartsverktøy
Galleri Hagalid bruker følgende tredjepartsverktøy på nettstaden:

  • Mailchimp – for å kommunisere med abonnentar
  • WordPress – publiseringssystemet som driv nettstaden
  • Google Analytics – nettstadsmåling; her har me slått på anonymiseringsfunksjonen
  • YouTube-filmar, for å informera og visa fram produkt og tenester

Nokre gongar må eg sende din informasjon til våre tredjepartsverktøy (konsulent), men berre for å fullføre oppgåver og tilby tenester til deg på våre vegne (t.d. for å kunne sende deg eit godt nyheitsbrev) – og eg sender berre den informasjonen som er nødvendig.


Bruk av «cookies»
På same måte som mange andre nettstader, bruker også Hagalid sitt nettstad cookies. En cookie er en liten tekstfil som blir lagra på PC-en din av nettstader du besøker.
De samlar data om dine surfevaner og identifiserer deg ikkje som eit individ. Dette hjelper oss med å forbetre nettstaden vårt. Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av cookies, kan du fjerne cookiane som blir lagra på din PC, via nettlesaren din. Dette kan medføre at tjenestene på våre nettsider ikkje fungerer optimalt.


16 år eller under
Eg er ekstra opptatt av å beskytte personvernet til barn i alder 16 eller under. Om du er 16 år eller yngre, ver vennleg å ta kontakt med foreldre / føresette på forhånd før du gir oss personleg informasjon. Det er uvanleg for kunst- og galleribransjen å kommunisera med personar under 16 år.

 

Som opplyst fremst, så kan det bli endring i desse reglane framover. Sjekk difor denne siden nokre gonger for å sikre at du er nøyd med eventuelle endringer. Ved å bruke hagalid.net, godtek du desse reglane.

Eventuelle spørsmål kan sendast til hanne@hagalid.net, eller send oss post til fysiske adresse. Alternativt kan du ringe meg.

 

Andre tilhøve – Formidlingssalg av kunst
Galleri Hagalid formidler kunst på vegne av opphavsmann/kvinne (kunstnar). I slike tilfelle betyr dette at du handlar av opphavsmannen, som då er å sjå på som kontraktsmotpart, med Galleri Hagalid som mellomledd. For dei berørte kunstverka blir dette spesifisert på faktura («Formidling»). I slike tilfelle vil ditt namn og adresse kunne bli delt med kunstnaren. Kunstnaren vil likevel ikkje kunne kontakte deg for vidare marknadsføring då me ikkje videreformidlar eller registrerer aksept av slikt samtykke.
Opphavsmann/kunstnar er pliktig til å oppbevare denne informasjonen om kjøp i 5 år i medhald til gjeldande lovverk og forskrift om rekneskap/ bokføring.