Spørsmål og svar / FAQ

Hagalidvegen

Vegen er smal, men med svært liten trafikk. Den fem km lange Hagalidvegen opp frå fylkesvegen og Hjelmeland sentrum er spektakulær og med åtte hårnålssvinger opp til 370 m høgde før vegen går ned til gardstunet på 300 m.o.h. med flott utsikt nordover. Det finst mange møteplassar for personbilar, og kvar sving gir rom for fleire personbilar i kvar retning. Det er svært liten trafikk, og ekstremt sjeldan med større bilar.
Vegen er kommunal.

Ei grind før tunet er ofte stengt sommarstid. Dette er for å halda sauene ute, ikkje gjestene!

Fottur til Skomakarnibbå

Skomakarnibbå er eit gamalt turmål som mange vil prøva å nå.

Sesong: Me tilrår ikkje å prøva turen vinterstid med kuldegradar og/eller snø, då stien opp til Øksnafjellet er bratt, nordvendt og ofte isete av mange bekkar og glatt.
Parkering 200 m før gardstunet, avgift.

Næraste offentlege toalett: Hjelmelandsvågen ved båthamna, Sande ferjeleie og på ferja.

Camping i naturen

Friluftslova gjev deg rett til å campe i naturen i Norge. På Hagalid gjeld det i skog og hei, dvs. langt innfor gardstunet. Grasbakkene som sauene beiter på er innmark der det ikkje skal setjast opp telt. Ein skal heller ikkje telta eller ha hengekøye i julatrefelta.
På p-plassen er camping forbode, også for bubilar.

Ta med søppel tilbake, søppelkontainar finst på p-plassen.

Turar om vinteren

I lågheia rundt Hagalid er det nokre turstier som er fine å gå i ein snøfattig vinter. Me kan ikkje tilrå å gå til Skomakarnibbå når det er minusgrader og snø. Uansett er ikkje stiene merka for vinterbruk med snø.

Nokre vel å gå Hagalidvegen opp som trening, det går fint an!
Eller: finn stien frå Hjelmelandsvågen via Nordbygda og Heiavarden fram til garden.

Hund og kjæledyr i Galleri Hagalid og området rundt


Hundar og andre kjæledyr kan ikkje vera med inn då det er serveringsareal i 1. etasje.
Hundar ute: Det er to solide stokkar utfor kortenden av Sofiehuset med festekrok for hundelenke.
Vatn til hund: det er utvendig vatnkran på Sofiehuset.
Alle hundar må vera i band og under oppsyn av vaksne ute.
Utvendig serveringareal har eiga merka hundesone for eigarar med hund. Me ønskjer at alle hundeeigarar tek omsyn til andre som ikkje har hund.

Bruk av hundeposar: Det er fint med bruk av hundeposer i gallerihagen, det er utvendig søplekasse ved inngongen. Det er ikkje naudsynt å nytta hundepose på tur over beite og i skogen.

Båndtvang: Alle må ha hund i band ved vaksen ansvarleg person på fotturane sine. De kan rekna å møta sau med lam på beite når som helst og langs alle merka turstier rundt Hagalid og i Hjelmeland. Hjelmeland kommune har utvida periode for båndtvang.

Det er hundeluke ved dei to gjerdeklyvarane som er sett opp for på skogsvegen som er første del av tursti til Skomakarnibbå.

Servicehund: Servicehund med ID-kort er velkomen inn i galleriet.

What to do?

Hiking, strolling, trout fishing in the lake Hagalidvatnet, listen to birds and see the view from the garden.
Learn about the farm history of the fjords of Norway.

How to come to Hagalid? The road and transportation

The best way to arrive is by a car. There is no public transportation up to the farm.
Taxi: in Årdal and Hjelmeland.
There is also possible to walk the road or try a marked path throught the forest, if you are interested in an exercise. That means 5 km and 370 m altitude as a nice hike from the small centre of Hjelmeland.

Parking for Shoemaker’s Peak

Parking for hikers is only accepted on the parking 200 m before the farm yard. Fee.
Motorbikes and bikes: no fee.

It is not possible to drive further on through the farm yard. This road is private and only for agricultural and foresting purposes.

The hike for Shoemaker’s Peak – Skomakarnibbå

Read more on the English pages

Details about the hike and when to go.
Do not hike in winter with snow, do not take the risk.

Nearest toilet: in Hjelmelandsvågen, at the ferry berth (service house) and on the ferry.

Camping and motorhomes, where to stay?
We will bring our dog to Norway

Camping is not allowed on gras land for sheep.
You may camp by tent in the forest and in the mountains when you go hiking all over Norway, but stay away from houses, cabins and, grassland and plan fields for christmas trees and forest .
Fire, also small gas burner, is strictly prohibited during a dry summer. Please, read information by the parking.

Motor homes are welcomed in day time on the car parking for hiking. No overnight stay on the parking or along the Hagalid road is accepted.

Nearest parking lot for motor homes is close to the fjord in Hjelmelandsvågen (municipality center). Here is also toilet facilities and tourist information.

Dogs must be kept in a lash during the hike and throughout the stay. Sheep with lambs are grazing. In Hjelmeland municipality this rule applies throughout the year. Please respect this rule.