Førjulshelga er no avslutta.
Utstillinga står ein kort periode til slik at grupper på bestilling kan sjå og få omvisning.
Kjem du aleine kan besøk og handel avtalast i god tid.
Masse kunsthandverk og bildekunst. Gode julegåve-idear, me pakkar inn.

Begge husa er fyllt med gode produkt frå profesjonelle utøvarar. Keramikk, både skulpturar og brukskeramikk, porselen, blåst glas, smykke, trearbeide, lin og ullklede til både herre og dame, store og små bilde, både originalar og grafikk, velkjende og nye plakatar, kunstkort og handstøypte stearinlys. Me lagar presentasjonar med keramikk, glas og lys på bord med Berit Lyslo sine stilreine handveva lindukar. For døme: Klikk på bilda (til høgre)

Utstillarar:
Nye utstillarar: Nye originalarbeide med rame/oppheng frå illustratør Charlotte Helgeland, Stavanger og Åse Berit Skeie Ulltang, Os ved Bergen.
Åse Berit skal ha separatutstilling i galleriet våren 2021, og me er så heldige at ho no vil visa smakebitar av sine vakre og karakteristiske bilde: collager av tradisjonelt koreansk handlaga papir.
Charlotte med familie frå Erfjord, er ein populær teiknar  i Stavanger Aftenblad og har levert originalarbeide i blekk og akryl i rame samt to plakatar.
Grafikk, store og små format i rame frå m.a. Kristian Finborud – både mange sommar- og vinter-motiv,  Hilde Thomsen – m.a. det populære fuglemotivet På fuglebrettet, Geir Nymark sitt landskap, m.fl.

Plakatar frå Hilde Thomsen, Charlotte Helgeland og Jeannie Ozon-Høydal.
Kunstkort frå Grethe By Rise, Hilde Thomsen, Nina Burtniece, Jeannie Ozon-Høydal, Ellen Kalvig og Tone Flesche.

Keramikk – frå skulpturelle arbeide til små bruksting: Nye arbeide frå Øyvind Tingleff og Beate Lund Kristiansen. Beate skal og ha separatutstilling her til våren!
Elles arbeide frå Eva Sæverud, Brink & I’nt Veld, Øystein Haga. Porselen: Sarah Louise Reed.

Blåst glas: Stavanger Glassblåseri/Trine Sundt og Stine Hoff Kunsglass.
Trearbeide: Johs Ihle sine hjarte.
Smykke: Emily Elmenhorst, Snella & Petronella og ikkje minst Johs Ihle med dei populære øyreknivane.

Godt handverk er me glade over å ha fått inn:
Tekstil: Ingvild Ull har levert stort utval i mange fargar i merinoull.
Berit Lyslo har levert ei mengde handveva linløparar med stort utval i fargar og lengder.
Unni Strand  lagar linbrikker/handklede, bærenett, mm,

Støypte og handlaga stearinlys, stakelys i tre lengder, kubber og pyramider, juletre og kuler i eit vell av fargar frå arbeidsmiljøbedrifta Ranso. Flotte adventslys som er gjennomfarga og brenn seint.


SMITTEVERN – COVID-19:

I Galleri Hagalid sine annonserte opningstider og under arrangement for slutta lag ønskjer me at gjestene skal oppleva at dei er trygge. Me set opp våre reglar i tråd med krava og råda frå Folkehelseinstituttet (FHI) og norske styresmakter til eikvar tid. Dette krev og at alle gjester følgjer FHI sine råd, samt våre tiltak i Sofiehuset og Eldhuset for smitteforebygging.
I Galleri Hagalid betyr t.d. dette grense på tal personar i kvart rom samstundes. Me er vane med at mange av våre gjester hygger seg lenge i galleriet, og har difor lagt inn reglar i tråd med dette.

Pr 13.11. gjeld dette:

• SYK: Ved minste kjendsle til sjukdom, la ver å koma.

• AVSTAND: Hold trygg avstand inne, tenk minst 1 m inne rekna frå ansikt til ansikt! Munnbind kan vera smart.
Det maksimale gjester inne i Sofiehuset (begge etasjar) og Eldhuset står på oppslag. Galleristen Hanne og medhjelparar er først og fremst i Sofiehuset og held oversikt der.
Du må vera budd på å måtte venta på å koma inn i Sofiehuset om du kjem midt i opningstida  (og ikkje har tinga bord i kafeen til kaffimat). Bilen kan du parkera rett utanfor og enentuelt venta der , elelr om det er plass i Eldhuset der det mykje å sjå
TIPS: kom rett etter opningstid eller dei to siste timane av opningstida, då får du best service og høgst sannsynleg god plass!
Du kan og kontakta oss i god tid på førehand for å kunne koma på andre dagar og tidspunkt.

• VASK: Vask hender ofte. Alle blir påmint om dette ved ankomst. Det er handvask i tre toalett i Sofiehuset samt handsprit i mange rom og i Eldhuset.

• REGISTRERING VED MÅLTID: Alle gjester i kafeen skal skriva namn og telefonnummer på dagens liste i kafeen, dette i tråd med styresmaktene sine krav med tanke på muleg smittesporing.

• TRANSPORT: Følg FHIs regelverk. Det hjelp ikkje med god avstand ved besøket om ein sit trangt i ein bil på ein lengre køyretur inn.

• REISER: Om du har vore i utlandet, eller på reise i meir risikoutsette område, vent minimum ti dagar før du kjem og oppheld deg lenge i galleriet.

Les meir på Folkehelseinstituttet sine sider.

Gjester som ikkje følgjer desse punkta og konkrete oppslag i bedrifta, vil bli gjort merksam på dette. Bedrifta kan om ein gjest ikkje vil følgje dette, bortvisa personen.