Gåver og gåvekort
Har du ansvar for bedrift eller forening som treng noko spesielt?
Treng de gåver til foretnings-kontaktar, eller tilsette som skal slutta?
Kva med ei lita med original påskjønning til ein som har halde foredrag eller gjort ei teneste?

Galleri Hagalid kan skaffa små og store gåver. Unike ting på kort varsel, eller større seriar på bestilling.
Ein populær ide er spesiallaga krus i keramikk for bedrifta i små eller store serier. Har firmaet eit symbol eller ein logo ein kan leika med, finn me dyktige kunsthandverkarar.

Keramikk eller glas, gode bruksting utan overdriven reklame. Akkurat passe til å bli hugsa som handlaga og originalt, gennomtenkt og profesjonelt. Eit motiv eller kun logofargar, det finst mange alternativ!
Galleriet pakkar gåvene profesjonelt i trygge men lette og pene esker, greit for heimreise i koffert eller handbagasje. Ingen problem på fly!

Stor feiring i sikte? Bryllup, 50-årsdag, konfirmasjon, barnedåp, namnedag eller gullbryllup?
Gåvekort
for eit år fram er og ei løysing om du veit at mottakaren vil kunne koma tilbake. Ein kan og leggja gåveønskjeliste i galleriet og visa bryllupsgjestene hit.
Galleriet har alltid eit utval av varige kvalitetsting som kan passa for eit forelska par, eit god bestemor, eit vakkert barn og ein tøff ungdom!

Er du invitert med på ny hytte ved sjøen eller på fjellet? Me har passande hyttegåver! Alt blir pakka sikkert og pent inn.
Eit godt utval av kunstkort topper inntrykket.

Click here to add your own text