Haustutstilling & kafe 25.9. – 17.10.2021
OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 25.9. – 17.10. kl 12 – 17.
Dobbel separatutstilling!
Under Haustutstillinga i år har me med oss den velkjente bildekunstnaren Tom Erik Andersen, Drammen med nye maleri og grafikk i 1. etasje i Sofiehuset. Han er ein velkjent bildekunstnar nasjonalt, og har sin særprega stil. Han har deltatt under Sommarutstillinga i år.
I tillegg stiller keramikar Rita Sørby, Kragerø ut nytt i porselen, mest skulpturelle arbeide i 2. etasje. Ho er m.a. kjent for sine torsoar for vegg. Rita har og deltatt under Sommarutstillinga, og viser no mange store torsoar for vegg.
Begge kunstnarar var med under opningsdagen. Sjå dei begge fortelja om sitt virke og om teknikk og konsept i videosnuttar på youtubekanalen vår:
Haustutstilling & kafé:
Sjølvbetent kafe med himalaga varm mat og kaffimat.
1. helg: 25. og 26.9. Hjortebrøl (gryte med hjortekjøtdeig)
2. helg: 2. og 3.10: Gulasjsuppe m/rømme
3. helg: 9. og 10.10: Viltsuppe kokt på øl
4. helg: 16. og 17.10: Krydra kyllingsuppe
Alle supper blir servert med himabakt brød og himabakt flatbrød og smør. Et så mykje du vil! Himalaga kaffimat: sprø småkaker eller saftig bakst med bær og frukt frå hage og skog.
Lokal eplemost, Munkholm. Skjenkeløyve for øl, sider og vin.
Grupper (minst 6) for servering og kunst-inspirasjon på bestilling på andre dagar.
Lukka visning for kunstforeningar o.a. særleg interesserte kan og ordnast.
Eldhuset med blåst glas og masse nytt i keramikk er og ope.
I Sofiehuset: Separatutstillingane samt smykke, trekunst, keramikkskulpturar porselen, eit variert utval av kvalitetsgrafikk, plakatar og kort og tekstil.
Tom Erik Andersen, Drammen viser nye maleri samt grafikk i ei brei utstilling.
Han har hatt mange separatutstillinger i Norge og deltatt i utstillinger nasjonalt og internasjonalt, og er ein av dei mestselgjande bildekunstnarane me har i Norge.
Han har kalla utstillinga på Hagalid Make your dream real – maleri og grafikk
Rita Sørby, Kragerø har deltatt for første gang under Sommarutstillinga i år, og viser no fleire arbeide i porselen i Gamlesalen i 2. etasje i Sofiehuset. Ho har både skulpturelle skålar, vaser, lysehaldarar, fleire kulevasar og ikkje minst mange store torsoar for vegg.
Ho fortel om den kunstneriske utviklinga si og arbeida sine her.
Me gler oss til å høre meir om dei spesielle teknikkane ho har for å få fram det skjøre inntrykket i dei likevel så sterke objekta i porselen.
Rita sin CV.