Haustutstilling & kafe 26.9. – 18.10.2020
OPNINGSTIDER: Laurdagar og sundagar (fire helger) 26.9. – 18.10. kl 12 – 17.
Dobbel separatutstilling!
Til Haustustillinga deltok bildekunstnar Ingunn Fyllingen, Stavanger med nye maleri og grafikk i 1. etasje i Sofiehuset. Ho er etterkvart ein velkjent bildekunstnar i vårt fylke, og har sin særprega lette stil med reint abstrakte motiv samt halvfigurative landskap. Ho har kalla utstillinga si Natura.
I tillegg stilte keramikar Øyvind Tingleff, Ringerike ut nytt i keramikk, mest skulpturelle arbeide i 2. etasje. Øyvind har vore trufast med i Galleri Hagalid sidan 2014 og har fått ein tilhengarskare for sine artige dyreskulpturar som kan stå, henga frå tak og på vegg. I tillegg viser han klassisk brukskeramikk som krukker, mugger, bord- og veggfat og krus. Nytt er lysestakar for vegg, også nokre med spegle.
Haustutstilling & kafé:
Sjølvbetent kafe med himalaga varm mat og kaffimat.
1. helg: 26. og 27.9.Viltsuppe kokt på øl
2. helg: 3. og 4.10: Gulasjsuppe m/rømme
3. helg: 10. og 11.10: Lammesuppe med bønner
4. helg: 17. og 18.10: Krydra kyllingsuppe
Alle supper blir servert med himabakt brød og himabakt flatbrød og smør. Et så mykje du vil! Himalaga kaffimat: sprø småkaker eller saftig bakst med bær og frukt frå hage og skog.
Grønvik eplemost, Munkholm. Skjenkeløyve for øl, sider og vin.
Grupper (minst 6) for servering og kunst-inspirasjon på bestilling på andre dagar.
Lukka visning for kunstforeningar o.a. særleg interesserte kan og ordnast.
Eldhuset med blåst glas og masse nytt i keramikk er og ope.
I Sofiehuset: Separatutstillingane samt smykke, trekunst, keramikkskulpturar og eit variert utval av kvalitetsgrafikk.
Ingunn Fyllingen, Stavanger viser nye maleri samt grafikk i ei brei utstilling ho kallar Natura.
Ingunn er tilknytta Atelierhuset Paradis der ho arbeider med maleri. Ho er fast brukar av Tou Trykk for produksjon av grafikk (monotypiar).
Ho har hatt separatutstillinger og deltatt i utstillinger lokalt, nasjonalt og internasjonalt, t.d. separatutstilling i Kunstmuseet i Nord Trøndelag med innkjøp til deira faste samling, Skiens Kunstforening, Hamar kunstforening, Stord Kunstlag, Flekkefjord Kunstforening – og utstillinger i Sverige, Nederland og Japan.
Ingunn er udanna gartner og blomsterdekoratør. Kunstutdanninga tok ho ved Kunstskolen i Rogaland, og blei uteksaminert i 2007 ved Kunst- og Design høyskolen i Bergen (Bachelor). Det er difor naturleg for ho å flette desse interessene inn i kvarandre.
Teknikkane er maleri (akryl på lerret) og grafikk (monotypi).
Ho seier: Utstillinga mi no «Natura» er ei samling av visuelle og ekspressive utrykk av natur. Teknikkane som eg nyttar er maleri og grafikk. Det er utallige val, men også mange utfordringer og avgrensinger.
Mine prosjekt har alltid ei tilknytning til natur og elementa rundt oss, og det opprinnelege og eksistensielle er viktig i formidlinga mi. Planter, delar av planter og landskap er inspirasjon og motiv, men eg vil at sjåaren skal vera fri i oppfatninga si av eventuell symbolikk.
Skal eg karakterisere bilda mine, vil eg seia at dei er abstrakte og ekspressive. Enkelte av mine arbeide er temmeleg planlagte, medan andre er utfordringer som skjer spontant.
Titlane på tidligere utstillingar har t.d. vore »Transformed Landscapes «
«Klorofyll» og «Botanisk kolleksjon»
Øyvind Tingleff, Ringerike er ein velkjent keramikar i Galleri Hagalid med utstilte arbeide heilt frå 2014.
Han har og opna Sommarutstillinga før i 2016 med ein populær presentasjon inne og ute sidan mange av hans skulpturar i steingods passar i hage og park.
No viser han fleire nye dyreskulpturar, barneskulpturar, veggfigurar, lysestakar, store vasar mm.
Øyvind er utdanna keramikar ved Bergens Kunsthåndverksskole frå 1973 til 1977, og dreiv keramikkverkstad frå 1978 til 1988 med stor brukstingsproduksjon. Han tok kort videreutdanning og deretter arbeid som grafisk formgjevar og skolebokillustratør frå 1988 til 2003. Så etablerte og dreiv han Tingleff forlag saman med Heidi Tingleff fra 1991 til 2003. (Eit spesialpedagogisk forlag som blei kjøpt av DAMM forlag 2003.)
Han gjekk tilbake til verkstad som keramikar og frilansteiknar frå 2003.
No dreier og lagar Øyvind bruksting i steingods og porselen. Modellerer og lager skulpturar og formar. Han teiknar også illustrasjonar på oppdrag til forskjellige føremål.
Øyvind leverer keramikk til 6-7 galleri/galleributikkar rundt om i landet.