Julatre frå Hagalid
Historia bak: Ola J. Hagalid starta julatresalget i Stavanger i 1961, frå starten av på Domkirkeplassen med vanleg gran. Seinare blei Hillevåg torg vald som heile Stavanger sitt juletretorg, og Ola J. Hagalid flytta med. Der er fleire selgjarar samla.
Torget er dei seinare åra oppgradert og med ordna parkeringstilhøve.
Hagalid gard sitt varemerke er å tilby dei ulike kvalitetstrea folk vil ha med gode opplevingar på kjøpet. Mange kjem igjen år etter år.
I sesongen 2020 finn du mange av oss forskjellige dagar på Hillevåg torg: både Rasmus Hagalid-Stokkeland, Birgit Hagalid og Ola S. Hagalid, m.fl.
Me tilbyr ferske julatre av fjelledelgran, nordmannsgran, vanleg gran og heiafuru dyrka på Hagalid og nokre andre plassar i Ryfylke, alle sortar i mange høgder.
I tillegg har me nokre heilt spesielle furu som kan kallast natur bonzai, dvs. bonzai-liknande krokete furu, ikkje forma av menneske men av naturen sjølv. Desse kan vera svært gamle og veks på myrene våre. I november 2020 vart ei slik furu frå Hagalid kåra til Rogalands kandidat i klassen for Mest spennande tre før den nasjonale finalen.
Kvar finn du Hagalid-tre?
- Stavanger: Hagalid Julatre har i mange år stått nærast Kilden øvst på Hillevåg torg i eit triveleg og tradisjonsrikt torgmiljø. Me tek betalingskort. (Vis på kart.)
- Hjelmeland: Bensinstasjonen YX Hjelmeland v/Rv 13 rett før Hjelmeland sentrum sel og Hagalid-tre før jul. (Vis på kart.)
Når skjer salet på Hillevåg torg?
I 2020 er dette frå måndag 30. november.
På YX Hjelmeland startar salet vanlegvis ei veke seinare.
Har du behov for spesielt høge eller særprega tre eller tidleg leveranse, ta kontakt.
I tillegg til juletre i mange størrelsar tilbyd me og den solide Easy-fix juletrefot i emaljert stål i fleire fargar, og borer til treet ditt for å få det rett og stødig i den solide og tidlause foten. Denne boringa skadar ikkje treet si evne til å trekka opp vatn.
I denne foten kan du lett følgja med om det heile tida er vatn nok i tillegg til at foten er pen. Det er lett å fylla i utan søl.
Me tilbyd og fersk mose som er lurt å leggja i foten for å gje treet jamn fukt og som hindrar at foten går tom for vatn. Dessutan duftar mosen godt av skog!
Me har og frå 2020 med oss vakre og velduftande greinbukettar av fjelledelgran og lerkegreiner til torget, samt vakre kunstlys i stearin med juletreform.
Hagalid Julatresalg:
Frå sesongen 2020 er desse med:
Rasmus A. Hagalid-Stokkeland, Birgit S. Hagalid og Ola S. Hagalid.
tlf. 406 49 917 (Rasmus), 92 40 25 28 (Birgit), 913 70 641 (Ola).
Følg Hagalid Julatre på facebook
Juletredyrking betyr tilsyn og aktiv skjøtsel året rundt i mange år før treet kan koma inn i stova di. På Hagalid betyr det og at ein flokk sauer av type Suffolk beiter planmessig i juletrefelta og blir flytta mellom felta i vekstsesongen for å beita mest muleg gras.
Ønskjer du å høyra meir om julatredyrking, kan du tinga ein guida tur i felta eller få høyra historia knytt til eit besøk for ei gruppe i Galleri Hagalid og Sofiehuset.
Under kan du sjå fleire NRK-filmar frå julatrehogst og julatrepynting på Hagalid.
Hagalid gard er aktivt med som eigar i Norsk Juletreservice AS, eit produsenteigd salsselskap for engros-salg for julatredyrkarar på sørvestlandet.