Frå sør: Hjelmeland ligg ca 50 minutt køyring på Nasjonal turistveg Ryfylke Rv 13 frå Solbakk etter køyring gjennom Ryfast-tunnellane frå Stavanger.
1 time køyring frå parkeringsplassen for Preikestolen.
1 time og 10 minutt med bil frå Lysefjorden (Oanes ferjeleie).
Frå Finnøy/Judaberg: Ferje til Eidssund på øya Ombo til Skipavik, ferje til Hjelmeland (Sande) 11 ggr/døgn (sjå tid tabell under).
Frå nord og vest: Frå Haugesund og Bergen køyrer du austover på E134 til Knapphus. Deretter på Fv 46 til Ropeid, følg Fv 46 vidare sørvestover via nye Sandsfjordbrua til Riksveg 13 v/Lovraeidet. Følg Nasjonal turistveg Ryfylke Rv 13 vidare sørover til Nesvik (ferjeleie, ferje 10 minutt over til Hjelmeland, Sande ferjeleie). Ta av i rundkøyringa til venstre inn mot Hjelmeland sentrum.

Frå Oslo: Følg E134 vestover over Haukeli til Røldal. Ta av til Rv 13 Nasjonal turistveg Ryfylke (ver obs på skilt merka Sandnes og krapp sving inn på smal veg til venstre). Køyr så Rv 13 ned Brattlandsdalen via Suldal til Nesvik (ferjeleie).

Ferjetabell Hjelmeland – Nesvik – Skipavik. 

Frå Hjelmeland sentrum: Køyr 1,5 km mot Vormedalen frå rundkøyringa i sentrum nær ferjeleiet, og følg skilt til Hagalid og Skomakarnibbå. 10 minutt/5 km biltur på smal spektakulær utsiktsveg.
Beste møteplassar er i svingane, mne rtotalt er det neste 20 møteplassar. Ver budd på å rygga. Største busslengde: 8 meter.

Hovudparkering er ved skilt til Skomakarnibbå, 200 meter før gardstunet. Gratis for gallerigjester inntil 3 timar.
Parkeringsavgift for alle kjøretøy for vandrarar til Skomakarnibbå og andre turmål (Kontant, med VIPPS eller med kort i galleriet si opningstid).
Camping forbode for alle vognar, bubilar og telt.

Parkering ved Sofiehuset er kun korttidsparkering for gjester til huset og for rørslehemma. I tunet er det kun offentleg snuplass og privat parkering. Innkøyring og camping på beita er forbode. Villcamping må skje i utmark (skog og hei).

Ver vennleg å visa omsyn til gardsdrifta med dyr på beite. Lukka grindar skal lukkast igjen. Hundar skal haldast i band av ansvarlege vaksne på heile turen, både på innmark og utmark.

Ta kontakt

Kafe/Kunstgalleri/Grupper/Opplevingar
Ryfylke Glød – Hanne Sundbø
Telefon: 98 21 99 73 (send SMS viss problem med kontakt) – 51 75 06 83
Epost: hanne@hagalid.net
Org.nr. NO 911 908 158 MVA

Gardsdrift/Julatre/Skog
Jone Hagalid
Telefon: 92 03 98 18 (send SMS viss problem med kontakt)
E-post: jone@hagalid.net
Org. nr. NO 975 486 451 MVA

Julatre
Rasmus A. Stokkeland
Telefon: 406 49 917
E-post: rasmus@hagalid.net

Ola S. Hagalid
Telefon: 91 37 06 41
E-post: ola@hagalid.net
Org. nr. NO 999 572 405 MVA

Hagalid Gard
Hagalidvegen 463
N-4130 Hjelmeland (Ryfylke)
Telefon: 51 75 06 83