Børge Lund

Børge Lund, fødd i Sauda og busett i Stavanger er ein svært populær teikneserieskapar av universet Lunch, både nasjonalt og internasjonalt. Han stiller sjeldan ut i galleri, men har hatt separatutstilling på Hagalid i 2017 og viser denne sommaren silketrykk og nokre letterpress, både med og utan rame. Kvardagsaugeblikk knytt til figuren Kjell er sett med eit skarpt auge. Alle med arbeidserfaring frå eit kontormiljø vil kunne kjenne seg igjen i typen Kjell, kollegane eller sjefane hans og deira kvardagssyslar, ofte ein studie i inneffektivitet, bortkasta energi og feil fokus.

Nokre artige T-skjorter med sitat frå Lunch er og på plass.