Eli Hovdenak

Velkjende Eli Hovdenak, Oslo, er også i år med i Sommarutstillinga i Galleri Hagalid. Ho er kjent for sine humoristiske og treffande motiv med enkle underfundige figurar med menneskelege trekk. I sommar viser ho små grafiske trykk. Ho har denne våren vore nominert til ein pris for illustrasjonane sine til ei ny norsk barnebok.
Arbeida er utstilte i Sofiehuset.