Beate Lund Kristiansen

Beate frå Ranheim nær Trondheim har vore med under Sommarutstillingane på Hagalid sidan første sommaren i Eldhuset i 2013. No er ho fast utstillar i Eldhuset. 

Beate leverer gode, populære og røffe ting ofte i rakukeramikk for vegg og bord. Krus og tallerkar, men og seriane Kunstklossar og Klossmajorar, unika lysestakar, Me & U bollar, dei populære hjarta til å henga ved inngongsdøra og store og små skålar.

Element av Trønderrosa går igjen på krusa hennar. Kvart år viser ho litt nytt i fargar og form. Klare sterke fargar og mønstre, formar ein blir glad av!