Jeannie Ozon-Høydal

Jeannie fødd i Canada men busett i Kristiansand var med for første gong på Hagalid sommaren 2017. I 2019 viser ho både materialbilde/maleri, trykk, plakatar, kort og skulptur med dei populære sauemotiva.

Jeannie  har utdanninga si frå NSCAD University i Canada. Ozon Høydal er ein allsidig billedkunstnar som hovedsakeleg arbeider med maleri, grafikk og skulptur i atelieret på Myren Gård.

Viktige tema i arbeida hennar er farge, mønster og humor. Ozon Høydal er kjent for sine sjelfylte og ofte humoristiske saueportrett, der ho boltrar seg i norske tradisjonar som strikkemønster, folkedrakter og rosemåling og serverer eit skråblikk inn i den norske folkesjela. Ho er svært populær og leverer i åt både materialbilde, grafikk, trykk, plakatar og kunstkort.

Arbeida til Ozon-Høydal har blitt vist i galleri, kunstforeninger og muse rundt om i Norge, Danmark og Canada. Hennar arbeide er innkjøpt av fleire offentlege og private instansar.