Liv Reidun Brakstad

Me er så heldige å få Liv Reidun Brakstad til Galleri Hagalid med føredraget «Mitt liv som lærebok» saman med ein performance laurdag 13. juli frå kl 12 til ca 14.
Liv Reidun er busett på Randøy i Hjelmeland, men er stadig aktiv ute i verda med sin kunstform som ho skal fortelja om denne laurdagen.
Kva er performance i forhold til teater? Kvifor velgja performance som kunstform? Kva for arena brukar ho for performance? Kva gjorde ho før ho som godt vaksen starta med dette?

Gratis inngong. NB: men sei ifrå om de kjem innan fredag 12.7. kl 16 om de vil ha sitjeplass i Gamlestova. Kontakt Hanne på SMS 98219973 eller ring same nr, eventuelt 51750683