Øyvind Tingleff

Øyvind Tingleff, er ein erfaren keramikar og illustratør, født i Danmark men busett på Hønefoss. Han har vore med i Galleri Hagalid sine Sommarutstillingar heilt sidan starten i 2013, og hadde separatutstilling her hausten 2020. Han har vore og er framleis med på mange utstillingar og marknader og har hatt utsmykkingsoppdrag.

Øyvind presenterer modellerte dyrefigurar for vegg, bord og til hagen, i rakukeramikk og steingods. Desse er humoristiske i sin form og uttrykk.  Både afrikanske dyrehovud, svevande steinbit og kvalross, rottar og pingvinar har blitt svært populære saman med dyretrofea. Øyvind er og illustratør og har og laga plakat for hagalid gard i 2020

Han viser og god brukskeramikk som t.d. honningkrukker, tapasskåer, vegglysestakar og store veggfat som og kan brukast på bordet.

Øyvind er utdanna m.a. som keramikar ved Bergens Kunsthåndverksskole 1973 – 1977. Medlem i NK, Norske kunsthåndverkere

Øyvind seier sjølv:
«Jeg liker å modellere dyra som vi alle er så glad i. Ære være grisen, høna, sauen og oksens innsats! De fortjener å hylles og å få en hedersplass på kjøkkenet eller i stua! » Ikke bare spises!»