Rolf Nerli

Den populære grafikaren Rolf Nerli (1951) er busett i Tønsberg og er for første gong med i Sommarutstillinga 2019. Han deltek med mange store, medium og små grafiske blad i rame, alle med norske naturmotiv med hans særprega uttrykk. Landskap med detaljar, gjerne i skumring eller måneskinn, stille vatn med fiskarar, inntrykk av steinblokkar, bark og tre er typisk for han.
Nerli er ute etter å skape stemningar, å formidle det mystiske ved urørt natur. Han søker å finne ei nerve, noko som treff.
Det stofflege uttrykket han oppnår i bilda kjem av mange lag og heile ni ulike fargar. Saman med trykkaren har han utvikla ein eigen etseteknikk for å få til bilda slik han ønskjer. Den spesielle teknikken gjer overflata blank og som nesten verkar krakelert. Medan fjellet i forgrunnen er tett på og monumentalt, kviler landskapet i bakgrunnen i ro og fred, og skapar 3-dimensjonalitet og dybde i bildet.
Rolf Nerli har utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo 1971-74, og ved Statens Kunstakademi 1974-80.  Han har hatt ei særs aktiv utstillingsverksemd over heile landet og i utlandet. Han er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk Kulturråd.