Hagalid, der ingen skulle tru – men me veit!
Om garden:
Hagalid gard ligg høgt og fritt som heiagard 300 m over Jøsenfjorden, i Hjelmeland midt i Ryfylke i Rogaland. Her har det vore busetnad frå før vikingtida med éin eller fleire gardar. No er det éin gard på Hagalid. Heiagarden Hagalid har hatt tradisjonell gardsdrift med kyr, sau, skog og julatre i generasjonar. Frå 2013 har me satsa på kunstgalleri og kafe i tillegg, og lokalbefolkning, hyttefolk og turistar finn fram.
Sau, julatre og skogbruk: I dag er drifta moderne med ca. 75 vinterfôra sauer og 2.000 daa skog av nesten 6.000 daa areal. Fulldyrka areal er ca. 110 daa, samt beite. Skogen inkluderer ca. 50 daa julatrefelt som Ola S. Hagalid har overtatt ansvaret for. Her føregår store uttak av vaksen granskog med nokre års mellomrom samt nyplanting i stor skala. Juletrea er hovudsakleg av sorten Fjelledelgran. Dyrking av jordskokk i mindre skala er ein artig tilleggsproduksjon med leveransar til kokkar og restaurantar, eigen bruk i kafeen og i lokale daglegvareforretningar (SPAR og Joker Fister).
Historie: Opp til Hagalid blei det den fem kilometer lange, spektakulære Hagalidvegen bygd i tida 1950-1960, noko som var ein føresetnad for vidare busetnad og utvikling av moderne gardsdrift på Hagalid. Elektrisiteten kom og i 1960, same året som den første bilen kunne køyra inn i gardstunet. Veganlegget vart heilt ferdigstilt i 1964.
Pga så sein tilkomst av veg, haldt ein på mange gamle produksjonsmåtar m.a. i hushaldet. Difor var Eldhuset i bruk fram til 50-talet og taubanen ned til Jøsenfjorden vart nytta fram til 1960.
Mange av husa har familien restaurert i løpet av 1990- og 2000-talet for å ta vare på kulturarven. Eldhuset, Kvednhuset, Leitehuset (utslåttløe) og sist men ikkje minst Sofiehuset, hovudhuset for kunstgalleri og servering. Vern gjennom bruk!
Om vertskapen:
I dag bur enno Jone Hagalid og Hanne Sundbø, samt Signe Hagalid, på Hagalid gard. Birgit S. Hagalid og Rasmus Stokkeland er med i drifta frå oktober 2020.
I tillegg til gardsdrifta opna Hanne sommargalleri frå 2013 – noko som er utvikla vidare til Galleri Hagalid med fire utstillingar pr år i to hus – Sofiehuset og Eldhuset. Ho tek og imot grupper for servering og opplevingar utover galleridrifta heile året.
Hanne er levande opptatt av matkultur og norsk kunst og kunsthandverk samt den lokale kulturarven og formidling av dette. Gjesten står i fokus med sine behov og interesser. No jobbar ho for utvikling av bedrifta si Ryfylke Glød med hovudsakleg fokus på galleriet og tilbodet for grupper heile året.
Hanne har grunnutdanning som landskapsarkitekt frå NMBU, masterstudie frå BI (økonomi, organisasjonspsykologi) samt høgskulekurs i reiseliv, styrearbeid, personaladministrasjon, planarbeid mm. Ho har hatt og har styreverv i bedrifter og organisasjonar, og arbeidserfaring frå kommunal forvaltning og planlegging, næringsutvikling, undervisning, leiing av destinasjonsselskapet Reisemål Ryfylke i 18 år og konsulentverksemd, m.a. innan samferdsel.
Jone: 13. generasjon brukar på Hagalid i rett nedstigande linje. Med oppvekst på Hagalid er det naturleg at Jone ofte leiar den guida rusleturen «Titt eg minnast ein gamal gard».
Jone har grunnutdanning som sivilagronom frå NMBUsamt høgskulekurs i reiseliv og ei mengde styreverv i organisasjonar. Jone har arbeidserfaring frå offentleg forvaltning, landbrukssamvirket og Bondelaget.
Han er sterkt opptatt av vidareutvikling av gardsdrifta med juletre, skogbruk, beitedyr og ikkje minst ramene for galleri-drifta.
Galleri Hagalid
Galleri Hagalid har kafé, utstilling og sal av norsk kunst og kunsthandverk. Dei fleste kunstnarane og kunsthandverkarane kjem frå Rogaland og resten av Vestlandet. Gallerist og verten Hanne er alltid på plass og fortel om det gjestene vil vita.
Galleriet har tre utstillingar og ei førjulsopen helg pr år, elles er Sofiehuset ope på bestilling med servering og opplevingar for grupper. Eldhuset har alltid eit rikt utval av blåst glass og keramikk.
Me har prøvd å ta vare på kulturarven ved å restaurera og istandsetja dei gamle trehusa på garden, m.a. Sofiehuset og Eldhuset som galleriet er i.