På Hagalid finn du meir enn du trur
Opplev noko flott saman
Har du lyst på ei rotekte oppleving? For grupper (på bestilling) tilbyr me heile året ein guida fottur i notid og nær fortid i historia på Hagalid. Servering vil mange ha i tillegg.
Me tek smittevernet på alvor og gjer tilpasningar i samråd med kunden.
Ein plass for eit lite slektstreff eller selskap i familien? Me finn ei god løysing.
Treng du ein plass der leiargruppa eller avdelinga di kan møtast i fredeleg miljø utan konkurrerande arrangement rundt øyra? Alvorlege møte, blåtur og kick-off, alt er muleg året rundt. Du tenker ut agendaen, me fiksar resten og de får plassen for dykk sjølv.
Julebord for avdelinga? Me fiksar alt, også gåver eller andre overraskingar om det trengs.
Dress og pensko, eller turjakke og fjellstøvlar? Miljøet på Hagalid passar for alt.
Lokale for sosiale samkome, kurs og møte finst i Sofiehuset – heile året. Moderne teknisk utstyr, storskjerm.
Variert meny (Smak Hagalid) basert på lokale og gjerne ureiste råvarer, frå bålpannekaffi til fem rettar. Skjenkeløyve, lokale drikke. Uteservering i hagen eller i kulturlandskapet rundt garden.
Me steller og til for familien sine behov, for barnedåp og namnefest til samling etter gravferd.
Kulturlandskapet og husa på Hagalid kan danne bakgrunn for flotte fotos.
Alle særskilte bestillingar blir gjennomført utanom dei dagane og timane galleriet har ope utstilling. Grupper kan og få servert i kafeen i galleriet sine opne periodar men på stengte dagar, og får lokala og verten for seg sjølv.
Pga vind og ver som kan vera røfft på Hagalid, kan ein ikkje pårekna borddekking utandørs.
God mat og enkle aktivitetar kan vera akkurat det lille ekstra som gjer at alle hugsar positivt eit møte eller samling. Vertskapen er alltid på plass, og du får høyra akkurat så mykje historie som du har lyst på. Og – me vil lytta til deg!
Ut på fottur i vakker Hjelmelandsnatur? Frå 1-5 timar, heilt enkelt eller meir krevjande turar. Nokre vil og trena seg opp på Hagalidvegen frå Hjelmelandsvågen, på sykkel eller til fots. Blir nokre særleg svette og våte, er det dusj i Sofiehuset.
Tilbodet av turstiar rundt garden er fleire. Skomakarnibba trekk mange, men det finst kortare og slakare stiar med mindre høgdeforskjell. T.d. er Heiarunden merka som ny tursti i skogsmark, 1 1/2 – 2 timar og maks 120 m høgdeforskjell men med mykje utsikt.
Guide i hjortens rike kan me by på. Skogens plass i klimautfordringane kan me og orientera om i Klimaskogen vår!
Gruppa kan tinga mat til både før og etter turen, og få kikka på keramikk og blåst glas i Eldhuset og grafikk, plakatar, tekstil og smykke i Sofiehuset. Kom med dine behov og be om tilbod!
Kontakt Hanne (tlf. 98 21 99 73 – 51 75 06 83) for ein uforpliktande samtale og tilbod.
Nokre av aktivitetane:
- Titt eg minnast ein gamal gard – Ein rusletur du seint vil gløyma. Gjennom skjemt og alvor får du innblikk i livet på ein heiagard i Ryfylke – spennet mellom moderne liv og drift i dag og til den nære fortida rundt 1960 då vegen og straumen kom. Gamle bygningar stinne av rare historier, fornminne, svimlande stup og vakkert kulturlandskap med sauer dannar ei flott rame for opplevinga. Nesten alt er heilt sant! Du bestemmer tempo – og tema de vil vita meir om. Me lovar hakeslepp! Du får oppleva vern gjennom bruk.
Norsk og/eller engelsk. Ca 2 timar. Kort tur i gras og beitemark og på veg, skotøy og klede etter veret.
- Pakketilbod – minnerike opplevingar som over + servering, stor eller liten meny. Frå 2-3 timar opp til heil dag. Kva med å avslutta med bålpannekaffi ute?
- Natursti for vaksne kan vera artig som aktivitet, med kunnskapspåfyll og lagbygging. Vil du vita kva ein Klimaskog er? Enkelt terreng og kort løype, men kan forlengast. Sauene kan bli undrande tilskuarar! Konkurranse med lågt adrenalinnivå og snill premiering. Aktiviteten passar og for glupe ongar, halv-konfirmerte lømlar samt smarte besteforeldre, dvs familie på tur. 2 timar.
- Hjernetrim – Hagalid-quiz: Treng hjernen litt utfordringar kan me tilby skreddarsydd og humoristisk Hagalid-quiz inne. Korttidshugsen blir sett på prøve! Kjekt når det er surt og kaldt ute. Lattergaranti og premiering. 1 ½ – 2 timar.
- Kreativ jentetur: Nokre artige timar der du og gjengen din kan vera kreative med blomar og materiale frå skogen? Du er flinkare enn du trur med ein god instruktør! Lag artige og dekorative ting å ha med heim, imponer far. Servering inngår. 2-4 timar.
- Kulturelt innpust: Kva med ein roleg introduksjon til kunst, kultur eller mattradisjonar? Galleristen gir eit innblikk i mangfoldet i kunst og kultur lokalt og regionalt, alt ligg ikkje på nettet! Dette kan skje inne eller ute og tema som gruppa vil ha. Kom med ønskje. ½ – 1 time.
- Juletre, skog & gardsdrift: humoristisk kåseri med løgnas-historier eller seriøst føredrag stint av siste nytt på fagfronten. Du bestemmer! ½ – 1 time opp til halv dag.
Me samarbeider òg med andre profesjonelle aktørar innan transport, aktivitetar og servering og kan føreslå eit komplett dag med overraskande og minneverdige opplevingar for gruppa di. Hotellovernatting kan og inngå.
Me tilpassar eit program akkurat til dine behov, jobb eller fritid.