Lær om klimaskog og julatre
Hagalid gard tek frå 2020 imot grupper som vil læra om karbonfangs i klimaskog. Slik skog er planta som ny granskog fleire plassar på garden.
Planting og oppfølging gjer me i samarbeid med firmaet Trefadder som presenterer karbonfangsten for bedrifter og privatpersonar og hjelp desse å bli klimanøytrale. Me er glade for å kunne tilby deltaking i klimadugnaden med vår skog og få til bærekraftige reiselivsopplevingar.
Informasjonen på Hagalid kan vera på norsk eller engelsk og er ein aktivitet for både vaksne og barn. Også julatredyrking vekker ofte interesse, og me fortel gjerne!
Film 2020 om Trefadder på engelsk.
For utlandsmarknaden inngår opplevinga i klimaskogen og andre tilbod i Galleri Hagalid gjennom eit komplett reisetilbod for mindre grupper i samarbeidet rundt Discovery Route. Norges mest bærekraftige rundreise blir presentert og tilbydd gjennom Up Norway som har lang erfaring med å skreddarsy unike reiser og opplevingar i Norge og med svært god respons.
Artikkel om den skreddarsydde i Lonely Planet (engelsk tekst) frå november 2020:
Could this new tour in Norway become your epic adventure in 2021?