Smak Hagalid!

Smak trumfer alt i måltidsopplevinga, er vår meining. Difor tek maten hjå oss tid å laga, me smakar oss fram. Maten skal lagast frå botn, og helst med lokale råvarer, gjerne ureist frukt og bær frå eigen hage – eller naboens!

Me er og glade i mat-tradisjonar og gamle oppskrifter, både frå Ryfylke og andre plassar i Norge som me har budd. Nokre oppskrifter blir brukt som dei er, t.d. flatbrøda, andre blir litt modernisert. Krydder slik oldemor kunne mykje om er viktig: kardemomme, muskat, anis, nellik, kanel og ingefær.

Dessutan held me sunn mat høgt, på kjøkkenet her er mykje grønt og grovt. Syltetøyet er for det meste frysetøy med flotte fargar, sterk bærsmak og litt krydder….. Du skal hugsa sylt frå Hagalid!

Sesong for råvarene er viktig, menyen skifter med kva som finst å hausta i hage, skog og hei. Ureist eller kortreist mat er bra for miljøet og kjekt å få brukt.

Me dyrkar norsk jordskokk på kompost, kjærleik og gode samtalar.
Me utforskar denne velsmakande knollen i fleire rettar, både brød, flatbrød og kaker samt i fleire av suppene. Jordskokken blir og levert til fleire kokkar og restaurantar og til SPAR Hjelmeland og Joker Fister i haustsesongen.
Smaksrik eplemost frå Grønvik Gard og lokalt øl står på menyen.

Vertinnen og kokken Hanne er alltid på plass og orienterer om det gjestene ønskjer, både om maten, oppskrifter, historia bak og om dei istandsette husa og kunsten. Du skal kunne trivast hjå oss og kunne bli mett i magen.

Når utstillingane er opne:
Då lagar me alltid kaffimat: himabakst slik du hugsar frå bestemor, men helst ho som var opptatt av sunne ungar…..  Kardemommevaflar med rømme og sylt, havrekjeks med brunost, havreflarn og fruktmuffins er noko at det du kan finna. Ikkje så vanleg på kafe? Nei, men på Hagalid. Gluten- og laktosefrie småkaker blir bakt.
Suppene skal vera kraftige og tjukke og du skal få eta til du sprekk. Mykje kjøt – det blir ein heil middag med brød og flatbrød til. Ei ny suppe står klar i terrinen kvar helg. Alt brød og flatbrød er grovt og himabakt.
Meny 2019: Viltsuppe kokt på øl, gulasjsuppe med rømme, kjøtsuppe med byggryn, lammesuppe med bønner og krydra kyllingsuppe (Suppe kun laurdag og sundag). Nytt: rømmegraut med variert spekemat og himalaga flatbrød nokre helger i sommar. Følg med på facebook for kva varm mat som blir serverit laurdag og sundag.
Sommarmeny i kafeen 2019

Gruppetilbod, på bestilling:
Grupper, både privat og bedrift, kan få utvida meny.
Frå bålkaffi med himabakst og kaffi avec servert med praktfull utsikt på Høgehaugen, til 3 retters meny, kaldt og varmt på kvit duk i lune rom i Sofiehuset.
Mange grupper føretrekk suppene elelr ein sommarleg rømmegraut, men me lagar og spekefat og middagssalatar med masse godt i, t.d. vilt.
Me leiger også inn kokk om du vil ha den heilt store dagen hjå oss i våre intime rom.
Skjenkeløyve.
Me tek omsyn til allergiar om me får vita om dette ved bestilling.

Referansar kan skaffast.