Smak Hagalid!

Smak trumfer alt i måltidsopplevinga, er vår meining. Difor tek maten hjå oss tid å laga, me smakar oss fram. Maten skal lagast frå botn, og helst med lokale råvarer, gjerne ureist frukt, bær og grønsaker frå eigen hage – eller naboens!

Me er og glade i mat-tradisjonar og gamle oppskrifter, både frå Ryfylke og andre plassar i Norge som me har budd. Nokre oppskrifter blir brukt som dei er, t.d. flatbrøda, andre blir litt modernisert. Krydder slik oldemor kunne mykje om er viktig: kardemomme, muskat, anis, nellik, kanel og ingefær. God mat skal dufta godt og setja stemning i kafeen.

Dessutan held me sunn mat høgt, på kjøkkenet her er mykje grønt og grovt. Syltetøyet er for det meste frysetøy med flotte fargar, sterk bærsmak og litt krydder….. Du skal hugsa sylt frå Hagalid! Heile 11 sortar sylt har me laga i 2019.

Me er ekstremt opptatte av å finna ureiste eller kortreiste råvarer. Hagen og utmarka er felta me finn grønsaker og rotvekster, frukt, bær, sopp, granskot (!) og ikkje minst vilt. Me har lokale leverandørar av m.a. eplemost og øl og gler oss over den utviklinga Hjelmeland og Ryfylke er inne i med nye dyktige leverandørar av gode produkt. Meir kjem!

Sesong for råvarene er viktig, menyen skifter med kva som finst å hausta i hage, skog og hei.

Me dyrkar norsk jordskokk på kompost, kjærleik og gode samtalar.
Me utforskar denne velsmakande knollen i fleire rettar, både brød, flatbrød og kaker samt i fleire av suppene. Jordskokken blir og levert til fleire kokkar og restaurantar og til SPAR Hjelmeland og Joker Fister i haustsesongen.
Smaksrik eplemost frå Grønvik Gard og lokalt øl står på menyen.

Me er skikkelg dårlege til å kasta mat, matsvinn er fyfy og ein ryggmargsrefleks frå barndomen på 60-talet. Då må ein løysa god oppbevaring, rett storleik på opplaga mat og finna rettar som held seg godt.

Vertinnen og kokken Hanne er alltid på plass og orienterer om det gjestene ønskjer, både om maten, oppskrifter, historia bak og om dei istandsette husa og kunsten. Du skal kunne trivast hjå oss og kunne bli mett i magen.

Me har vanleg skjenkeløyve for vin og øl, og til brennevin for grupper.

Når utstillingane er opne – sjølvbetent kafe:
Då lagar me alltid kaffimat: himabakst slik du hugsar frå bestemor, men helst ho som var opptatt av sunne ungar…..  Kardemommevaflar med rømme og sylt, havrekjeks med brunost, havreflarn og fruktmuffins er noko at det du kan finna. Ikkje så vanleg på kafe? Nei, men på Hagalid. Gluten- og laktosefrie småkaker blir bakt av og til.
Suppene skal vera kraftige og tjukke og du skal få eta til du sprekk. Mykje kjøt – det blir ein heil middag med brød og flatbrød til. Ei ny suppe står klar i terrinen kvar laurdag og sundag. Alt brød og flatbrød er grovt og himabakt.
Utstillingsmeny 2019: Viltsuppe kokt på øl, gulasjsuppe med rømme, kjøtsuppe med byggryn, krydra lammesuppe med bønner og krydra kyllingsuppe med kokosmjølk (Suppe kun laurdag og sundag). Nytt: rømmegraut med variert spekemat og himalaga flatbrød nokre helger sommarstid.
Følg med på facebook for kva varm mat som blir servert laurdag og sundag.

NB: Særskilte omsyn til innhald i maten blir og tatt omsyn til i kafeen om det er meldt i god tid på førehand. Grupper over 4 personar kan tinga bord i opningstida, noko som er lurt særleg i helgene då kafeen er liten.
Om de spør oss ein dag på førehand, kan me og finna nokre alternativ for dei som treng laktosefri mat eller glutenfritt brød og flatbrød og vegetar.
Uteservering med utsikt over Hagalidvatnet i fint ver under utstillingane vår, sommar og haust.
Me kan dessverre ikkje tilby a la cart i opningstida under utstillingane.

Gruppetilbod, på bestilling:
Grupper, både privat og bedrift, kan få utvida meny. Frå 8 personar (minstepris viss færre).
Frå bålkaffi med himabakst og kaffi avec servert med praktfull utsikt på Høgehaugen, til 3 retters meny, kaldt og varmt servert på kvit duk i lune stover i Sofiehuset. Vertinna er alltid på plass og orienterer om Hagalid og kunsten – om gjestene vil.
Mange grupper føretrekk suppene eller ein sommarleg rømmegraut, men me lagar og spekefat og middagssalatar med masse godt i, t.d. vilt. Før jul og vinterstid er kraftige gryter i fokus.
Jobb? Møterom kan tingast samstundes om gruppa vil ha møte på ein unik plass der ein får alt for seg sjølv.

Me leiger også inn kokk om du vil ha den heilt store dagen hjå oss i våre intime rom.
Me tek omsyn til allergiar om me får vita om dette ved bestilling. Referansar kan skaffast.

Spis lokalt. Spis sesong. Spis variert. Spis opp!

Jordskokksuppe med vegetargarnityr