Sommautstilling og kafé 2021

Sommarutstilling med kafe 12.6. – 29.8.
Opne dagar kl 11 – 17:
– Juni frå 12.6.: laurdagar og sundagar.
Ekstra kveld med konsert onsdag 23. juni (St. Hans) Bestilling
– Juli og august : torsdagar t.o.m. sundagar fram til 15.8.
NB: Heilt stengt dagane 29.7. – 1.8. (veke 30).
– August etter skulestart, 21. – 29.8: laurdagar og sundagar.

Juni 2021
  • M
  • T
  • O
  • T
  • F
  • L
  • S
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • 24
  • 25
  • 26
  • 27
  • 28
  • 29
  • 30
Loading
Juli 2021
  • M
  • T
  • O
  • T
  • F
  • L
  • S
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • 24
  • 25
  • 26
  • 27
  • 28
  • 29
  • 30
  • 31
Loading
August 2021
  • M
  • T
  • O
  • T
  • F
  • L
  • S
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • 24
  • 25
  • 26
  • 27
  • 28
  • 29
  • 30
  • 31
Loading
September 2021
  • M
  • T
  • O
  • T
  • F
  • L
  • S
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • 24
  • 25
  • 26
  • 27
  • 28
  • 29
  • 30
Loading

Åpent

Stengt


Alle opne periodar  og utstillingar i 2021: sjå baksida av gallerifoldaren

Me gler oss til den 9. store kollektive sommarutstillinga med kafe på Hagalid!  Dette er samstundes den 8. sommaren i Sofiehuset. Både Sofiehuset og Eldhuset er fyllt opp med kunst og kunsthandverk frå profesjonelle norske utøvarar.
Nokre er nye og nokre er velkjente kunstnarar, men alle med mange nye arbeide.

OPNING: Laurdag 12. juni kl 11: Kunstnarsamtale med illustratør Charlotte Helgeland, Stavanger. Ho har stilt ut på Hagalid frå 2020 både med originalbilde i tusj og akvarell og plakatar med sine underfundige figurar. pga svært avgrensa plass: Bestill plass på samtalen til Hanne på tlf/SMS 98219973 eller epost hanne@hagalid.net.

Charlotte vil vera i galleriet for å snakka med gjester seinare på dagen også.

Galleriet opanr for alle kl 12.00.
Matservering 12.6. frå kl 12.30, alle andre opne dagar frå kl 11.00. Bordbestilling

Bordsete blir frå sundag 13.6. og inntil vidare kl 11.15, kl 12.30, kl 13.45 og kl 15.00 (eventuelt 16.15).
P.g.a. smittefaren og reglane knytt til Covid-19, er det avgrensing på tal personar som kan vera i Sofiehuset på same tid, og kafeen har færre bord inne. God plass ute! Me oppdaterer her på nettsidene og på facebook om dette.

Servering:  Kaffemat alle opne dagar og kraftig suppe i helgene.
NB: Det er lurt å tinga bord og mat også i opningstida, minst 1 døgn på førehand via SMS til 982 19 973 eller epost hanne@hagalid.net. Dette gjeld særleg laurdagar og sundagar midt på dagen, så unngår du å bli skuffa eller måtte venta. Bestilling må vera stadfesta og med informasjon om kohortar for å gjelda. Pga avstandskrava er det færre bord inne enn normalt.
Me vonar våre gjester vil vera tålmodige med oss, og godta at servering vil ta lengre tid.

Grupper på bestilling tek me i mot andre dagar eller kveldar: Minst 6 personar med servering, bestill minst 2 døgn før. Me tek og imot færre i gruppa mot ein grunnpris. Gruppa frå då vertskapen og anlegget for seg sjølv, heilt eksklusivt for ei feiring eller anna hyggeleg lag.
Grupper kan og tinga måltid i kafeen på opne dagar. Bestill bord minst 1 døgn før pr SMS til 98219973 og epost hanne@hagalid.net. Bestillinga må vera stadfesta med kohortar for å gjelda. Pga svært travle dagar kan tinging via sosiale media ikkje reknast å bli sett før seint på kvelden, Det er pga smittefare-reglane svært få bord i kafeen, så bestilling er smart.

Bildekunstnarar heile sommaren i 2021 (sjå også stor bildepresentasjon under):
Me gler oss over å få med nye bildekunstnarar med svært forskjellig bildespråk: Julia Mordvinova Gilje frå Stavanger, Tom Erik Andersen frå Drammen og Anette Mehl Landmark, Oslo. Andersen skal ha separatutstilling her i haust også.
Elles stiller desse trufaste kunstnarane ut med nye bilde: Åse Berit Skeie Ulltang, Rolf Nerli, Ivar Haugen, Ingunn Fyllingen, Kristian Finborud, Hilde Thomsen,  Lunch – Børge Lund, Grethe By Rise, Geir Nymark, m.fl.

Kunsthandverk:
NB: Fleire nye kunsthandverkarar er med: Keramikar Rita Sørby frå Kragerø er med for første gang med sine særprega arbeide; vasar, bollar, torsoar, mm. Ho skal og ha separatutstilling i haust saman med Tom Erik Andersen.

Tone Bjerknes Gulbrandsen var med i galleriet med nokre arbeide no i vår, og viser i sommar enno fleire av sine fargerike men samstundes stilreine og enkle små porselensting.
Tekstilkunstnar Kari Selnes frå Romsdal viser tekstil med trykk: sjal i ull og silke, linløparar og duker samt puter.
Grete Skarpeid frå Voss viser kjolar, toppar og skjørt.

Me har fått inn nytt i porselen frå populære Sarah Louise Reed frå Bergen, og fine fargerik og røff keramikk frå Beate Lund Kristiansen, Trondheim. Ho hadde separatutstilling i galleriet denne våren.

Keramikar Eva Sæverud, Forsand og Hommersåk har levert oss nye gropbrente kulevasar og handmalte skåler og mugger. Brink & I’nt Veld, Stavanger har eit breidt og farerikt utval av keramikk i Eldhuset. Keramikar Øyvind Tingleff, Ringerike har og dyrefigurar for tak, bord og golv og varierte bruksting

Nytt i smykke frå Monica Bakka i Stavanger, Kristin Selboskar frå Bergen, Beate Lund Kristiansen (keramikksmykke) men og Emily Elmenhorst og Johs Ihle.

Nytt i klede til dame kjem frå Artwearbygro i Bergen, ei mengde silke- og ullsjal frå Anne-Line Iversen, Oslo, små og store vesker frå Aud Lavik i Bergen.

Til hus og hytte har me fått inn ei mengde handveva linløparar frå Berit Lyslo, Sola og trykte linprodukt frå Unni Strand, Oslo (handkle, forkle, handlenett, løparar).
For både han og ho har me ullklede som hlasar, sjal og ponchoar frå Ingvild Ull i Stavanger og trehjarte frå Johs Ihle, Jørpeland.
Øystein Haga viser nytt i okarina i keramikk. Fargerikt blåst glas finst frå Stavanger Glassblåseri og Stine Hoff Kunstglas.

Arbeidsmarknadsbedrifta Ranso har levert supervarige handstøypte og gjennomfarga stearinlys i mange fargar. Dei lange stakelysa er svært høge og flotte.

Les Nyheitsbrev frå 30. mai: 

Under er det smakebitar frå Sommarkunstnarar og kunsthandverkarar og deira arbeide: