Tidlegare utstillingar

Kven stiller ut?

Galleri Hagalid har frå start søkt å få med profesjonelle norske kunstnarar og kunsthandverkarar både i kollektive og separatutstillingar. Galleristen har arbeidd aktivt for å finna utøvarar  med ein kontakt eller eit tilhøve til Hjelmeland og Ryfylke.
Me ønskjer å presentera mennesket bak kunsten og korleis personlegdomen til kvar enkelt avspeglar seg i arbeida. Dette blir aktivt trukke fram i kunstnarsamtalane ved alle utstillingsopningar og ved galleristen sin presentasjon når du kjem som gjest. Interessante historier finst bak norsk kunst!

Bildekunstnarar som har vore med på separat- eller kollektivutstillingar i Galleri Hagalid er:

Performance med Liv Reidun Brakstad juli 2019

Cecile Anda, Lise Birkeland, Annette Bryne, Ingri Egeberg, Nils Eger, Anna Kristin Ferking, Kristian Finborud, Tone Flesche, Gunn Lisbet Gaarden, Els Geelen, Per Henry Hauge, Ivar Haugen, Anne Hesvik, Eli Hovdenak, Nenad Ignatic, Ellen Kalvig, Børge Lund, Svein-Are Mørkve, Rolf Nerli, Geir Nymark, Jeannie Ozon-Høydal, Jan Terje Rafdal, Grethe By Rise, Sissel Ruud, Tove Sundt-Hansen, Kari Storø, Kjeld Stub, Roald Tellnes, Hilde Thomsen, Signe Christine Urdal (foto) og Annethe Østensen.

Kunsthandverk / skulptur (separatutstillingar):
Toril Slokvik (Ura smykker), Øystein Haga (tre), Sarah Honeyman (keramikk), Sarah Louise Reed (porselen), Karin Elisabeth Øvstedal (keramikk), Trine Sundt (blåst glas).

Kollektivutstillingar med skulpturelle arbeide: Lise Birkeland, Anne Karin Krogevoll og Hilde Mjølsnes. Kjell Johannessen og Margretta Moltu har vist arbeide i høvevis keramikk og smykkebilde.

Liv Reidun Brakstad har hatt føredrag og performance i juli 2019.

Elles deltek anerkjente kunsthandverkarar på kollektivutstillinga sommerstid, Desse har vore med:
Anne-Line Iversen (silke/ullsjal), Kristin Selboskar (smykke), Aud Lavik (vesker), Kaja Gjedebo (smykke), Øyvind Tingleff (keramikk), Brink & In’t Veld keramikk, Eva Sæverud (keramikk), Beate Lund Kristiansen (keramikk), Stine Hoff (blåst glas),  Artwearbygro – Gro Aakenes Sævig (klede), Kvist & Kvae (smykke), Jette Ravndal (lær).
Elvira (klede), Nia Tvedt Sliper (filtmakar), Johannes Ihle (tre/smykke), Øystein Haga (okarina).

Godt handverk kjem frå Unni Strand (lin), Emily Elmenhorst (smykke), Snella & Petronella (smykke), Ingvild Ull og Ranso (handstøypte kunst-lys i stearin).

Utstillingsopning – bli kjent med kuntnarane!
På opningar av utstillingane er det alltid kunstnarsamtalar og omvising med kunstnarane. Også med strenge smittevernreglar vil me prøve å få til gode kunstnarmøte frå hausten 2020

Her frå kunstnarsamtale med målaren Nils Eger, Stavanger ved opninga av Haustutstilllinga 2019, og omvising med porselenskunstnar Sarah Louise Reed, Bergen under Vårutstillinga 2019.Opning av Haustutstillinga 2019 med Nils Eger Opning av Vårutstillinga 2019 med Sarah Louise Reed

2020

2017

2016

2015