Me ser fram til at velkjende Ellen Kalvig, Suldalsosen kjem med nye bilde (maleri, grafikk) og nederlandskfødde Felieke van der Leest, busett i Øystese i Hardanger kjem med unike smykkeskulpturar.
Eldhuset er ope med masse blåst glas og nytt i keramikk.
I Sofiehuset: Separatutstillingane er i både 1. og 2. etasje: bilde i 1. etasje og smykkeskulpturane i gamlesalen i 2. etasje.
Elles i Sofiehuset finst utvalde smykke, trekunst, praktiske linprodukt frå Unni Strand, klede i tynn merinoull frå Ingvild Ull. Keramikkskulpturar og eit variert utval av kvalitetsgrafikk og populære plakatar og kunstkort er til sals.
Sjølvbetent kafe med himalaga varm mat og kaffimat
Smaksrik kraftig suppe, ein pr helg blir servert laurdagar og sundagar.
Alle supper blir servert med himabakt grovbrød og himabakt flatbrød og smør. Et så mykje du vil!
Grønvik eplemost, Munkholm, lokalt øl frå Lilland bryggeri og Lervig. Vin i glas.
Kaffimat alle dagar: Kardemommevaflar med himalaga sylt og rømme, himalaga havreflarn, havrekjeks med brunost, anna småbakst.
Blir det sol og varme, er det uteservering!
Stor opning laurdag 28. mars med to kunstnarsamtalar.
I tillegg eit arrangement ein kveld under utstillinga.
Grupper (minst 8) for servering på bestilling på andre dagar.