Vårutstilling & kafe 20.3. – 11.4.2021
Den doble separatutstillinga er avslutta.
Åse Berit Skeie Ulltang frå Os viste sine collagar i koreansk papir og maleri i 1. etasje i Sofiehuset under konseptet Å ana. Ho har ikkje stilt ut i Ryfylke eller Sør Rogaland før.
Velkjente Beate Lund Kristiansen frå Trondheim var den andre utstillaren med særprega keramikk. Beate har vore fast utstillar i galleriet sidan 2013, og hennar kunstklossar, skåler og boller er populære i Eldhuset. Ho har kalla utstillinga si Fokus og viser arbeide i ny formgjeving, både store fat, skulpturelle arbeide og lysestakar i Gamlesalen i 2. etasje i Sofiehuset.
Det er og lagt ut korte filmar der både Beate og Åse Berit fortel om sine konsept, uttrykk og nokre av dei arbeida som blir viste.
Fram til Sommarutstillinga: Me opnar for visning av kunst frå faste utstillarar og servering for grupper på andre tidspunkt etter avtale, ettermiddag/kveld eller ein annan dag. Me kan og sende eller levere og enkelte mindre ting du finn bilde av på nettet.
Vårutstilling & kafé:
I år: Enkel kafe med kraftige supper kvar laurdag og sundag og himalaga kaffimat alle opne dagar. Bordbestilling grunna smittevern-reglane.
Suppemeny laurdag og sundag:
20. og 21.3: Gulasjsuppe m/rømme
27. og 28.3: Viltsuppe kokt på øl
3. og 4.4: Krydra kyllingsuppe
10. og 11.4: Hjortebrøl
Alle supper blir servert med himabakt flatbrød, brød og smør. Et så mykje du vil!
Bordbestilling. Pga få bord tilrår me bordbestilling. Tlf 98219973 eller SMS eller epost til hanne (at) hagalid.net. NB: Bestillinga må stadfestast.
Då er du sikker på å få plass og mat.
På populære dagar er det bordsete kl 12.15, 13.30 og 14.45.
Himalaga kaffimat: sprø småkaker, saftig bakst med bær og frukt frå hage og skog. Salte mandlar og nøttemix.
Grønvik eplemost i fleire sortar, Munkholm. Skjenkeløyve for øl, sider og vin.
Eldhuset med blåst glas og masse nytt i keramikk er og ope.
I Sofiehuset: Separatutstillingane samt ull, lin, smykke, trekunst, keramikkskulpturar og eit variert utval av kvalitetsgrafikk, plakatar og kunstkort.
Åse Berit Skeie Ulltang er fødd i Hardanger, men bur no i Os ved Bergen. Ho har budd fleire år i Korea noko som har påverka hennar kunstnarskap sterkt. Ho viser fargerike collagar i det sterke, koreanske papiret hanji som ho ofte og har malt på. Gult, orange og skarp grønt går igjen saman med svart og kvitt.
Åse Berit kallar utstillinga si «Å ana» og skriv om dette og tankane bak.
Sjå film med Åse Berit som fortel om konseptet i galleriet.
På denne filmen viser Åse Berit litt om sine teknikkar
Ho har hatt separatutstillinger og deltatt i utstillinger i Hordaland, nasjonalt og internasjonalt (Korea). Hennar CV er mangfoldig.
Kunsthistorikar Ingebjørg E. Astrup har skrive om Ulltang sin særprega kunst.
Sjå døme på arbeida under:
Beate Lund Kristiansen har vore med i Galleri Hagalid heilt frå starten i Eldhuset i 2013.
På denne filmsnutten fortel ho om konseptet sitt «Fokus» og dei forskjellige arbeida til Vårutstillinga.
På denne filmen viser Beate døme på bruk av dei populære kunstklossane og dei fargerike krusa
Kristiansen har verkstaden sin i Trondheim og har utvikla eit særprega og populært uttrykk. Ho er fast utstillar i galleriet og har i alle år vist kunstklossar, klossmajorar, krys, galakse-bollar, You & Me-bollar og andre mindre arbeide i røff, fargerik formgjeving. No viser ho og større arbeide; store veggfat, skulpturelle lysestakar og bollar.
Hennar CV er lang og vidtfemnande, og ho leverer sine populære arbeide til mange galleri i Norge.
Sjå døme på dei nyaste arbeida hennar under: