Avslutta: Vårutstilling & kafe 26.3. – 17.4.2022

Våren 2022 er heilt spesiell på Hagalid:
Vårutstillinga blei siste utstillinga på Hagalid. Drifta i galleriet er avslutta.
Me er utruleg glade for alle som har funne vegen opp, kikka på kunst og kost seg hjå oss på Hagalid gjennom 28 utstillingar! 

Det blir endring på garden, og Galleri Hagalid er lagt ned. Fram til medio mai kan ein på førehandsavtale, få kjøpt keramikk mm som står i Eldhuset.

Den mangfoldige skreddaren og kulturformidlaren Thea Glimsdal Temte sstilte ut unike tekstil-kreasjonar, inspirera, fortelja historie og ha kurs hjå oss!
Thea som bur i Solbergelva har røter frå Vormedalen er som formidlar og historieforteljar.  Ho viste utvaldte tekstilarbeide, mest kjolar Ho hadde kunstnarsamtale under opninga laurdag 26. mars saman med Ellen Kalvig, og viste gamle ting frå Hjelmeland som har betydd mykje for hennar utvikling.
Ho hadde kurs sundag 27.3. i handsaum og skreddartriks 

Ho starta besøket i Hjelmeland med ein inspirasjonssamling i Spinneriet fredag 25.4. kl 18.30.

Thea viste kjoler og antrekk på Hagalid somrane 2014 og -15 frå sitt firma Hotnok. No er ho skreddar for det kongelege hoff og driv kursverksemd
I tillegg stiller våre trufaste lokale Ryfylke-målarar ut, både Ellen Kalvig og Ivar Haugen.
Ellen viste nye maleri og monotypiar med element  frå gamle broderi og søljer, nokre og sett i samanheng med landskap, og hadde samtale under opninga laurdag 26. mars.
Ivar viste nye maleri, hovudsakleg landskap i Nystova (kafeen).

Thea Glimstdal Temte skal stilla ut kjoler og antrekk frå den perioden ho dreiv sitt firma Hotnok aktivt med produksjon av klede.  Ho viser og andre type arbeidsklede og eldre gjenstandar ho har frå familien i Hjelmeland.
I 2014 og 2015 stilte ho ut kjoler og andre dame- og herreklede under Sommarutstillingane på Hagalid.
Temte er utdanna herreskreddar og har røter frå Vormedalen. Ho bur no i Solbergelva ved Drammen,

Ho er opptatt av kunst, kunsthåndverk, estetikk og materialforståing. Ho har spisskompetanse på førindustriell handsøm, mønsterkonstruksjon og folkedrakt.

Ho vil under sin kunstnarsamtale under opninga laudar 26.3.  fortelja om trådane frå Vormedalen til det ho brenn for idag. Ho skal og ha kurs på sundag 27.3.  kl 17-19 i galleriet, og ein inspirasjonskveld i Spinneriet på Hjelmeland fredag 25.3.

Ho har vore fleire år i det nasjonale Bunad- og folkedraktrådet, styrearbeid i Stiftelsen Verkstedet, Temte Production og Hot Nok AS. Ho har deltatt i Designerkollektivet og Designprosjekt 1814 og ei rekke kunstutstillingar.
Grunnlovskjolen frå 2014 har og ei eingen foldar.
Gjestelærar ved Høgskolen i Telemark har ho vore i mange år samt føredragshaldar og kursarrangør. Ho har og vore kostymedesignar til teater, og skrive fagtekstar til Bunadleksikon. Etter at ho har blitt tilknytta Det kongelege slott blei ho prosjektleiar for Prinsesse Ingrid Alexandra’s konfirmasjonsbunad, og ho sette igong og bidro til formidling av  historia gjennom NRK-programmet: «Ingrid av Norge» 2019.

CV Thea G. Temte

Kurset på Hagalid kl 17-21 sundag 26.3. Her lærer du handsaum og skreddartriks, ein unik sjanse til å læra av den proffe med individuell rettleiing! Pause med varm mat. Avgrensa plass, først til mølla!

Sjå døme på arbeida hennar under:

Velkjente Ellen Kalvig, Suldal har vore med mange ganger i Galleri Hagalid sine Sommarutstillingar, helst med naturmotiv. Pga  pandemien er det første gang ho no får vist ein lita separatutstilling i galleriet.
Tematikken er denne gangen knytt til folkedrakter og søljetradisjon, og spelar godt opp mote Thea Glimsdal Temte si utstilling i same rom.

Ellen seier sjølv:
Eg hadde leika med mønster (åttebladroser) og ornamentikk/søljer. Her opna det seg mange dører og lange liner inn i såkalla verdskunst/-arv,  heilt tilbake til Mesopotamia og Sumer 5-7000 år sidan.

Det siste arbeidet kretser rundt hardangermønster frå mormor Guro sin ungdomsbunad frå Suldal, på den tida – 1900 og utover – var hardsngerbunaden mote!
Eg har leika og fabulert og sett dei ulike mønster/teknikk i saman på nye måtar i grafisk og malerisk uttrykk.

Ellen sin CV er lang og vidtfemnande, og ho leverer sine arbeide til fleire galleri i Norge.

Sjå døme på dei nyaste arbeida hennar under:

Den populære Ryfylkemålaren Ivar Haugen, Finnøy har stilt ut på Hagalid mange gangar, både med to separatutstillinga og under heile seks Sommarutstillingar. Han har primært vist akrylmaleri på plate med halvfigurative landskap, og nokre nonfigurative bilde i særprega fargetonar.
Denne våren viser han landskapsmotiv i Nystova.

Hans CV er omfangsrik.

Sjå døme på dei nyaste arbeida hans under: